Vågå Historielag får kulturpris, Martin Steinum Brun får kulturstipend

 Knut Raastad (tv) er leiar i historielaget. Her saman med Dag Aasheim

Knut Raastad (tv) er leiar i historielaget. Her saman med Dag Aasheim Foto:

Nå har juryen bestemd seg. Vågå Historielag blir tildelt Kulturprisen 2018. Martin Steinum Brun får kulturstipend.

DEL

I sitt grunnlag for avgjerda, skriv juryen følgjande:

– Vågå historielag har 90-årsjubileum i 2019

– Er ansvarleg for drift og vedlikehald av 36 hus, blant desse er Bygdamuseet Jutulheimen,

Vågå Prestgard Ullinsvin, Jo Gjende bua, Pulløy bue og Kvilingsfjoset i Randsverk

– Driv restaurering av gamle hus

– Gjev ut bladet Jutul`n ein gong i året

– Stort fotoprosjekt med innsamling og skanning av gamle bilete

– «Kveldseto» ein gong i månaden gjennom heile året

– Bygd utstillingslokal og arkivlokal i 2019

– Har 425 medlemar

Kulturstipend for 2019 blir tildelt: Martin Steinum Brun

Grunnlag for tildelinga er blant anna:

– Song- og teaterelev ved Vågå kulturskule

– Hatt song som hovudinstrument på Vinstra vidaregåande skule, med Ingeborg Dalheim som

songlærar.

– Gått året 2018/2019 på Toneheim fhs, og hatt klassisk song som hovudinstrument.

– Har her hatt Matthew Marriott som songlærar.

– Kome inn på bachelorutdanning i klassisk song ved Griegakademiet i Bergen og Universitetet i

Stavanger. Har pr. dags dato ikkje bestemt seg for kor han vil starte.

– Mykje brukt på kulturarrangement både i heimbygda og andre plassar i Noreg.

Utdeling av både kulturprisen og kulturstipendet vil bli tildelt ved eit passande høve i løpet av 2019.

Artikkeltags