Opnar Valdresflye fredag

Lett å frese opp vegen over Valdresflye i år. Vårt bilde er frå Vargebakken mot øvre Sjodalen, tatt sist måndag før vegen var oppbrøytt.

Lett å frese opp vegen over Valdresflye i år. Vårt bilde er frå Vargebakken mot øvre Sjodalen, tatt sist måndag før vegen var oppbrøytt. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det ligg an til opning av fylkesveg 51 over Valdresflye fredag ettermiddag.

DEL

- Vi har vore gjennom heile strekninga. Har berre att å pusse opp litt her og der, og har fått beskjed om at vegen skal opnast fredag klokka 15, men dette er det vegvesenet som bestemmer, opplyser Odd Arne Rødningen i Beitostølen anlegg tidleg onsdag.

- Det stemmer, men det er været som avgjer, seier byggjeleiar Syver Øistuen i Statens vegvesen, avdeling driftskontrakt.

Brøytebilsjåfør Rødningen fortel at det er litt mindre snø enn normalt, men at det er ingen fare med påskeføret på høgste fly'n 1389 meter over havet.

Nok skiføre

- Her er det nok skiføre både for gudbrandsdølar og valdrisar og mange andre for den del, og dei skal visstnok i gang med løypekjøring her ganske fort, ler Rødningen, vel vitande at dette kan bli redninga for mange i år. Mildværet den siste tida har gjort landskapet brunt og berrt sjølv høgt til fjells, men det er spådd litt nedbør torsdag og fredag og da kan det fort bli bra skiføre att til fjells.

Været avgjer

Som alltid er det vær og føre som avgjer om den vinterstengte vegen mellom Nord-Gudbrandsdal og Valdres - Maurvangen og Beitostølen - blir opna og kan haldast farbar ut over våren. Det er spådd stiv kuling på Valdresflye tidleg fredag morgon, men det skal roe seg fort, og Rødningen trur det skal la seg gjera å få sett på trafikken fredag ettermiddag. Det trur også Øistuen, men han minnar om at det har hendt før at det har vore kunngjort opning, men at været har slått om så brått at det vart umogleg.

- Det skal bli triveleg å få opna vegen att, mange ønskjer å ferdast mellom desse to dalføra, seier Rødningen.

Fastsett opningsdato er 1. april.

Artikkeltags