Valdresflye og Sognefjellet stengt

Webkameraet viser at det er full vinter ved Sognefjellshytta
Artikkelen er over 4 år gammel
Det er kraftig vind og snøbyger i høgfjellet.
Dette har ført til at Valdresflye er stengt mellom Mauvangen i Sjodalen og Gardli ovanfor Beitostølen på grunn av uvær. Fyllkesveg 51 blir ikkje opna i dag, melder Statens vegvesen.
Les også: Venter 50 cm med nysnø
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er også stengt. Her vart det gjort ei ny vurdering klokka 12, og da vart det bestemt at Sognefjellsvegen bommane ved Rustasæter og Gjuvassbuktii ikkje blir opna i dag.
Også fylkesveg 63 frå Breidalen til Geiranger er stengt inntil vidare.
Fylkesveg 27 over Venabygdsfjellet er farbar.