Gå til sidens hovedinnhold

Harald Øvstedal og Tor Andvord skal drifte Gjendeosen/Reinsvangen

Artikkelen er over 3 år gammel

Selskapet Besseggen 1743 med skipper Harald Øvstedal og Tor Andvord, Vågå, ved roret har fått tilbod frå Statens vegvesen om å drifte Gjendeosen/Reinsvangen.

GJENDE: Harald Øvstedal driv Gjendebåtene as. Tor Andvord er eigar av fleire serveringsstader i Vågå. Ingen av dei var tilgjengeleg på telefon då Vegvesenet sendt ut meldinga om den nye driftskontrakten tysdag ettermiddag.

– Dette var livet mitt

Heller ikkje Grethe Hølmo svara på henvendingane frå GD. Hennar familie har drive Gjendeosen kiosk i 40 år.

– Foreldra mine bygde opp staden. Det var mykje hardt slit, og gjennom 40 år har vi lagt ned mykje arbeid i kiosken. Vi er stolte av kiosken vår, og ikkje minst det flotte området. Gjendeosen kiosk og parkering har vore livet mitt, sa Grethe Hølmo tidlegare i vinter.

Les også

Familiebedrift ved Gjende må rydde ut etter 40 år

– I overkant av 20 aktørar melde si interesse i konkurransen om driftskontrakten. Då fristen gjekk ut 13. februar hadde det kome inn to gode tilbod som har vore gjennom ei grundig vurdering, opplyser Grete Kongshaug som er plan- og prosessleiar for Gjendeosen i Statens vegvesen.

Ho legg vekt på at det nye vertskapet har lang erfaring og god detaljkunnskap både om Gjendeosen og faga logistikk og matservering.

– Dei har eit breitt engasjement innanfor reiseliv- og sørvisnæringa, lang erfaring med produktutvikling og tilgang på ressursar og kompetanse i eigne bedrifter, seier Kongshaug i meldinga som Vegvesenet sende ut.

– Besseggen var best

Gjende er saman med Trollstigen og Vøringsfossen ein av tre store, nasjonale attraksjonar i satsinga Nasjonale turistvegar. Arbeidet med opprustinga ved Gjendeosen har kome godt i gang med ny brygge og lager for Gjendebåten og parkeringsplass på Reinsvangen som skal stå klart til sesongen 2019. Ved årsskiftet vart driftskontrakten for parkering og servicebygg lyst ut som ein open tilbodskonkurranse.

– Selskapet Besseggen 1743 får tilbod om driftskontrakten fordi dei var best ut frå tildelingskriteria, forretningsplan og driftsopplegg, seier Grete Kongshaug. I sine planar trekkjer selskapet fram Gjendeosen som ein terminal for store folkemengder. Dei har fokus på heile kjeda frå planlegging av turen heime, til møtet med parkering, transport, terminalsenter, brygge og båt.

– Selskapet peiker og på verdien av å ikkje overbelaste naturen og produktet gjennom å kunne regulere talet på gjestar gjennom driftsopplegget sitt. Vi er godt nøgd med å få på plass ei avtale med drivar før alt er ferdig, og vi ser fram til å samarbeide med «Besseggen 1743» om praktiske løysingar etter kvart som vi planlegg og byggjer, seier plan- og prosessleiar Grete Kongshaug.

Les også

Bulldosarane er i sving med å rydde parkeringsplass til 800 bilar

Les også

La Hølmo-familien få forvalte kiosken og parkeringsplassen ved Gjendeosen til det beste for gjestane og bedriftane rundt

FAKTA:

  • Gjende er ein av innfallsportane til Jotunheimen og ein viktig fjellterminal med tilbod om parkering, kiosk, overnatting og skyssbåt.
  • Gjende skal gjennom arbeidet med Nasjonale turistvegar rustast opp og vidareutviklast som ein nasjonal turistattraksjon.
  • Gjendebåten får ny brygge og lager, parkeringa på Gjendeosen blir flytta til utvida parkeringsplass med toalett på Reinsvangen, nord- og sørsida av Sjoa blir knytt saman med gangbru og Gjendeosen får nytt sørvisbygg med kafe, toalett og informasjon.
  • Målet er at heile anlegget skal stå ferdig i 2023.