– Rekrutteringsarbeidet går litt for mykje i rykk og napp, og vi innser at noko må gjerast for å få betre og meir stabil tilvekst. Håpet er at dette skal vera så interessant at deltakarane blir fortrulege medfolkemusikk- og gammaldans og ein del av storfamilien vår.

Slik forklarar lagsleiar Kjærsti Gangsø kvifor Vågå spel- og dansarlag set i gang med omfattande kursverksemd denne hausten.

Overskot

Det gode landsfestivalresultatet med eit overskot på over 700.000 kroner i fjor har gjeve økonomisk armslag og gjer at laget kan tilby gratis kurs i spel og dans for unge som eldre.

– Dessutan har vi sjølve mange dyktige utøvarar og instruktørar, seier Gangsø. Det blir opplæring i tradisjonelt felespel for nybyrjarar, både junior og senior, med Leif Inge Schjølberg og Kari Grøsland som instruktørar. Ei vellykka satsing på danseundervising for 5. klassingar på barneskulen i fjor haust skal vidareførast. I år blir dette utvida med oppdeling i to grupper, ei for 1. - 4. klasse og ei for 5.-7. klasse. Tor Stallvik skal leie dette. Kurs i spel og runddans er på Vågåmo skule kvar torsdag.

Pøbb

På Klones blir det hallingkurs med Eirik Schjølberg og Torgrim Vole. Det heile skal toppast med ei seminarhelg, pluss folkemusikkpøbb, pols- og springleikkurs for alle på Klones laurdag 30. november. Dit kjem også Frikar-dansar Anders Aasberg. Kursa tek til rett over haustferien. Nedre aldersgrense for spel er åtte år, dans frå første klasse. Haustsatsinga blir avslutta med minnekonsert om Hans H. Holen i Vågå kulturhus søndag 1. desember der det er håp om få med så mange av hans elevar som råd.