Han vant språkkrigen

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel
DEL

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal skulda Sjukehuset INnlandet for språkrasisme. Nå har han fått medhald frå departementet.

I alle år har Ottar Rekkedal, overlege ved gyn/fødeavdelinga på sjukehuset i Lillehammer, prøvd å bruke nynorsk på jobb.

Han dikterer alle sine notat på nynorsk, men når notata kjem att er dei alltid gjort om til bokmål. For ein ihuga nynorskmann vart dette til slutt vorte så provoserande at han skreiv eit krast brev til administrerande direktør Bente Mikkelsen i Hele Sør-Aust RFH med kopi til Kultur- og kyrkjedepartementet, kvar han skulda sjukehuset for språkrasisme.

Nå har departementet konkludert - og gjeve sin fulle støtte til nynorsklegen.

Sin din mening om nynorsk versus bokmål under artikkelen.

Mobbing

- Svaret er ei glimrande polering av egoet mitt, spøkjer Rekkedal og legg til;

- Saka er viktig for meg. Det er sårt å ikkje bli teke på alvor. Denne saka har stadfesta at det sjølv i eit føretak som Helse Sør-Aust er greitt å mobbe nynorskbrukarar.

I brevet til Helse Sør-Aust RHF slår departementet fast at dei tilsette står fritt til å nytte sin eigen målform i sine notat, og at dei som skriv ut den dikterte teksten må fylgje den målforma som brukast av han som har skrive teksten. Dei viser til målloven og likeverds- og likestillingsprinsippet.

Må handtere begge målformar

Departementet understrekar vidare at taleattkjenningssystemet som Helse Sør-Aust er i ferd med å innføre, må kunne handtere både nynorsk og bokmål. Talesystemet fungerer ved at legar og støttepersonell, i staden for å skrive rapportar og journalar, kan bruke ein mikrofon og få teksten direkte omforma til skrift i sjukehusa sine digitale system. Helse Sør-Aust stilte i utgangspunktet ikkje nokon krav om modul for nynorsk når dei bestilte systemet.

- Eg tolkar brevet dit hen at departementet vil leggje føringar når desse systema skal inn i sjukehusa. Det er eg svært glad for, seier Rekkedal.

- Nynorskfolket lev evig

Eit positivt svar frå departementet til trass; Rekkedal må framleis kjempe hardt for å kunne nytte nynorsk på jobb.

- Eg skulle ynskje at Helse Sør-Aust var meir opptekne av likeverd for sine tilsette. I to månader har eg kjempa for å få nynorsk retteprogram på maskina mi. Eg får ikkje eingong svar, hevdar nynorskforkjemparen.

Nynorskbrukarar som han blir det stadig færre av, også i GD sitt distrikt.

Rekkedal er likevel optimist.

- Alle dødsannonnser blir skreve på bokmål. På alle gravsteinar er teksta på bokmål. Så ein kan sjå ljost på det; nynorskfolket ser ut til å leve evig.

Artikkeltags