– Har gått mykje betre enn forventa

SMAK: Overraskande besøk for Marit Tangvik da barnehagetanta Bjørg Knutsen frå Buvika i Trondheim kom for å «smake på Lom».

SMAK: Overraskande besøk for Marit Tangvik da barnehagetanta Bjørg Knutsen frå Buvika i Trondheim kom for å «smake på Lom». Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Nyetableringa «Smak i Lom» går så det susar...

DEL

LOM: – Det går mykje betre enn vi trudde, og det er berre så vidt vi greier å fylle opp att med alle produkt i hyllene, seier Marit Tangvik.

Ho representerer Brimi Sæter som eig halvparten av den omgjorde bokhandelen i Murgarden saman med Olav Grjotheim gOla Gjeilo.

Det var 20. juni den nye luksuriøse smaksbutikken med ei mengd nisjeprodukt frå nær og fjern vart opna.

– Du veit, ein lyt betale for kvalitet, parerer Tangvik på «insitament» om at det er dyrt.

– Det er veldig stor interesse for øl, vi starta med 25 typer frå sju forskjellige bryggeri, og har fått enda fleire nå, fortel Tangvik.

Artikkeltags