- Henry Rinnan stoppa meg

DRAMATISK:  Kjell Andersen (snart 79) hugsar godt da Rinnan kom og henta faren midt på natta for å ta han med til Preststulen. Husa bak stod likeeins i 1945. Jon og familien budde i stugu til høgre, Hans Enstad sat og skulle eta frukost i stugu til venstre da Rinnan og hans bande plutseleg dukka opp.

DRAMATISK: Kjell Andersen (snart 79) hugsar godt da Rinnan kom og henta faren midt på natta for å ta han med til Preststulen. Husa bak stod likeeins i 1945. Jon og familien budde i stugu til høgre, Hans Enstad sat og skulle eta frukost i stugu til venstre da Rinnan og hans bande plutseleg dukka opp. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Dokumentarprogram om krigsdramaet på Preststulen i Vågå på NRK2 onsdag.

DEL

LESJA/VÅGÅ: - Eg gjekk i første klasse og skulle spenne på meg skiene for å renne til skulen da Henry Rinnan stoppa meg. Eg vart forhøyrd som snøggast om kvar Hans Enstad var, og sa at det visste eg ikkje. Da sa Rinnan at eg var jamngod med syster mi til å ljuge, og eg vart nekta å gå på skulen.

Overrumpla Enstad

Jon Preststulen var sju år 14. mars 1945. Datoen er for all tid skreve inn i krigshistoria. Landssvikaren og torturisten med eit følgje på 20 soldatar overrumpla den lokale milorgsjefen på den avsidesliggjande fjellgarden øvst i Skogbygda, den gongen var det brøytt bilveg berre til Håkenstad.

Jon hugsar at Enstad og hans eigen bror Jørgen rømte ned i fjøset. Enstad skaut to av Rinnans menn med pistol før han tok sitt eige liv. Rinnan hadde nemleg med seg Enstads nestkommanderande Torleif Andersen som gissel og truga med å skyte han om ikkje Enstad kom fram.

Angrande agent

Jon minnest betre mannen som er årsaken til dokumentaren som journalist, regissør og forfattar Ola Flyum (51) har laga om Trond Jardar Kvaale (1921-2008). Frontkjemparen sat på viktig informasjon om motstandsrørsla og vart verva til agent for Rinnan i 1944.

Han gjorde seg til venn med Enstadfamilien på Lesjaskog og fekk etter kvart ut informasjon som førte til pågripinga på andre sida av fjellet i Vågå. På tampen av livet var han ein angrande syndar.

- Kvaale var brutal, minnest Jon Preststulen.

Faren og to brør pluss Andersen vart arrestert og sendt til Falstad der dei var til freden kom 8. mai.

- Det dukkar opp att av og til, men ikkje slik at det har bode på særlege problem. Einast mor var litt prega på sine eldre dagar, fortel Jon.

Ein god del lokalt

- Alt handla om å finne ut kvar Enstad heldt seg gøymt. Det som skjedde på Preststulen er nokså avgjerande, og programmet dreiar seg ein god del om dette.

Flyum fortel at det blir fleire lokale innslag og intervju med Jon Preststulen, syster Anne Frisvold og Ola Enstad frå Bjorli, nevøen til Hans.

- Kvaale likte Enstadfolket og følte anger. Han ville gjerne møte både Ola Enstad og Jon Preststulen, men båe takka nei. Eg fekk beskjed av Enstad om å helse og spørja kvar det vart av hoppskiene han hadde lova bort for snart 66 år sia. Det synest eg var litt underfundig, fortel Flyum.

Har gøymt papir

- Eg hugsar godt at namngjetne Stuckmann sette lommelykta beint i augo mine.

Snart 79 år gamle Kjell Andersen sov i sin djupaste sømn i huset ved Nugga i Vågåmo da Rinnan og Kvaale kom for å ta med seg faren til Preststulen.

- Mor og vi fire ungane fekk husarrest. Eg har enda gøymt kalenderbladet frå 14. mars 1945 der eg har notert dette, fortel Andersen og dreg fram ein ask med brev og minne frå krigens dagar.

Faren fekk smugla ut brev skrivne på toalettpapir frå Falstad.

- Dette må vel Norddalsrkivet få ta hand om snart, slik at det blir ivareteke for ettertida, seier Andersen, som har bidratt med fotografi og informasjon til dokumentarprogrammet som skal sendast onsdag kveld.

Artikkeltags