- Herved er Hundorp bru opna

OPNA: Arild Evensen frå Statens vegvesen (f.v), fylkesordførar Audun Tron og ordførar i Sør-Fron kommune, Aksel Eng, fekk æra av å opne Hundorp bru.

OPNA: Arild Evensen frå Statens vegvesen (f.v), fylkesordførar Audun Tron og ordførar i Sør-Fron kommune, Aksel Eng, fekk æra av å opne Hundorp bru. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

I dag opna brua på Hundorp

DEL

Det var ei fin og lita markering av at brua på Hundorp endeleg er opna torsdag ettermiddag. Det var fylkesordførar Audun Tron, Arild Evensen frå Statens vegvesen og ordførar i Sør-Fron kommune, Aksel Eng, som fekk æra av å kutte snora til brua.

- Vi har vore tålmodige og nå er alle i Sør-Fron glad for at brua endeleg er opna igjen etter å ha vore stengt sidan 3. mai, seier ordførar Eng.

Mange frammøtte

Omtrent 30 - 40 personar hadde teke turen til opningsarrangementet ved brua. I tillegg var heile Liene oppvekstsenter på plass. Arrangementet måtte trekke inn i lokala til Rødsrud plastmottak. Ute var det ei bitande kulde. Dei frammøtte fekk med seg takketalar frå dei involverte og kulturinnslag frå dansekulen til Aina Busch Sletten, Harpefoss skulemusikk og song om brua frå ungane frå Liene oppvekstsenter.

- Heilt nødvendig

Evensen frå Statens vegvesen takka innbyggjarane for at dei har vore så tålmodige. Arbeidet tok meir tid enn dei trudde.

- Da vi reiv opp brua fant vi ut at arbeidet var meir omfattande. Dette gjorde at det tok lengre tid. Men brua er frå 1925 og er svært gamal. Derfor var dette eit heilt nødvendig arbeid, seier Evensen.

Det som er gjort på brua er å forsterke den gamle stålkonstruksjon, brudekket er bytta ut, nytt rekkverk, brua er sandblåst og malt samtidig som innkøyringsvegane på begge sider av brua er utvida.

Kva tykkjer du om den nye brua? Sei di meining i kommentarfeltet

Artikkeltags