Rovviltnemnda i Oppland var i dag på gardsbesøk hjå Thorstein og Merete Åmodt i Nordberg i Skjåk. Åmot opplyste at han denne beitesesongen har tapt 19 lam i eit område det det tidlegare ikkje har vore tap på grunn av jerv. I fjor hadde lamma til Åmodt ei gjennomsnitts slaktevekt på 20 kilo. Etter årets nedslåande beitesesong var snittvekta berre 13,9 kilo.

- Det er vanksleg å setja ord på kva ein føler, sa Åmodt til forsamlinga på godt over 30 personar frå Skjåk, Lom, Vågå og Luster.

Mange tok ordet i håp om å påverke Rovviltnemnda til å skrinleggje forslaget om å utvide kjerneområdet for jerv til å omfatte heile Nord-Gudbrandsdalen. Det var tendens til buing da Gravdahl sa at ho går for forslaget om utviding av jerveområdet.

Nemnda behandlar saka i ettermiddag.