- Ikkje tilfredsstillande skuleprosess

IKKJE SAMD: Sør-Fron Arbeiderparti vart splitta da dei diskuterte framtidig skulestruktur. Frå venstre: Kjersti Stenseng, Per Gunnar Hagelien, Magny Sagranden og Irene Hagen.

IKKJE SAMD: Sør-Fron Arbeiderparti vart splitta da dei diskuterte framtidig skulestruktur. Frå venstre: Kjersti Stenseng, Per Gunnar Hagelien, Magny Sagranden og Irene Hagen. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

- Prosessen om framtidig skulestruktur i Sør-Fron kommune har ikkje vore tilfredsstillande, seier varaordførar Laila Nyhus Toppen (Ap).

DEL

Utsegna frå varaordføraren kom under debatten i kommunestyremøte i Sør-Fron tysdag kveld. På bordet var saka om framtidig skulestruktur i Sør-Fron kommune. Vedtaket vart at ein felles barneskule blir lagt til Midtbygda oppvekstsenter. Liene og Harpefoss oppvekstsenter får kvar sin barnehage. Forslaget fekk femten stemmer, fire stemte for å utsette vedtaket. Nyhus Toppen var ein av dei som stemte for å utsette saka.

- Eg er usikker på kva slags sak vi eigentleg har på bordet. Dette er den største saka for min del som lokalpolitikar og prosessen fram til dette vedtaket har ikkje vore tilfredsstillande, seier Nyhus Toppen.

Ho grunngir sitt utsegn med å vise til at realitetane ikkje er på plass enda. Dette gjeld spørsmål kring uteareal og om ein treng å byggje på nabotomta.

- Trongt uteareal

Varaordføraren fekk støtte frå leiaren i levekårsutvalet, Irene Hagen (Ap).

- Eg meiner at vi må stoppe opp litt og sjå på utearealet vi har planlagt i dette vedtaket. Eg kan ikkje vere med på eit bindande vedtak som reduserer utearealet med 50 prosent. Tinga ligg litt i lufta enda, men ein reguleringsplan ville gjeve oss litt meir svar, seier Hagen.

Ho understreka at administrasjonen har understreka at ein felles barneskule på Midtbygda krev ny tomt. Derfor fremma ho sitt eige forslag om å utsette saka for å få på plass ein reguleringsplan. Det fekk ikkje fleirtal. Dersom representantane i Sør-Fron Senterparti hadde stemt for forslaget til Hagen hadde skulesaka vorte utsett. Det vart den ikkje sidan Senterpartiet og Sør-Fron Høgre stemte for å leggje ein felles barneskule til Midtbygda oppvekstsenter.

- Ikkje bruk for nabotomter

Ordførar Aksel Eng (Ap) håper alle vil respektere vedtaket som er gjort.

- Ein skulesak er ikkje lett. Ikkje alle er samde. Eg meiner at det har vore ein god prosess som starta hausten 2009. Vi har henta inn dokumentasjon og det har enda opp i ein lokaliseringsdebatt. Det er ikkje til å unngå, men det viktigaste er å heve kvaliteten for våre ungar. Det får vi med dette vedtaket og det er samtidig ei fin plassering, seier Eng.

Han fortel at det ikkje er behov for å bruke tomtene til naboane for å byggje eit nytt skulebygg. Det er tenkt å byggje eit nytt bygg ved sidan av dagens skulebygg.

- Det hadde vore ein større sak dersom vi måtte ta av tomta til naboane. Det treng vi ikkje. Dagens kommunetomt er stor nok og rundt skulen har vi mykje av uteareal som ungane bruker til vanleg. I dag bruker vi mykje av uteområda rundt vinterstid og det vil halde fram, seier Eng.

- Større fagmiljø

Opposisjonsleiar Jan Peter Stebergløkken (Sp) ser mange fordelar ved ein skule.

- Vi unngår fådelt skule og vi får større fagmiljø. Eg er sikker på at dette vil hjelpe på rekrutteringa. Samtidig ligg Midtbygda sentralt og kan virke samlande for bygda, seier Stebergløkken.

- Vi er best tent med ein skule på Midtbygda. Helst skulle eg sett at vi fekk ein heilt ny skule på ei ny tomt på Harpefoss, men den saka tapte eg, seier Steinar Falkenhaug (H).

Kva meiner du om skuleprosessen?

Artikkeltags