- Innvandrarar må lære nynorsk

- Pinleg, seier ordførar Rune Øygard om møtet med bygdas nye innbyggjarar.

- Pinleg, seier ordførar Rune Øygard om møtet med bygdas nye innbyggjarar. Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Rune Øygard opplever at bygdas invandrarar ikkje forstår kva han seier. Nå vil ordføraren ha morsmålopplæring på nynorsk.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

VÅGÅ: - Det er nesten pinleg, for eg måtte knote, og det kan eg ikkje. Sa vågåordførar Rune Øygard da han orienterte formannskapet om språkvanskar i møte med bygdas flyktningar, som han sa, eller innvandrarar, som han retta det til.

Det hadde seg i alle fall slik at vågåordføraren måtte prate bokmål, eller kan hende det var riksmål på blanda skjåk- og vågåmål – det som på våre kantar ofte blir kalla knoting - for å gjera seg forstått da han var på besøk hos bygdas innvandrarar.

Og det er Øygard lite tilfreds med.

Opplæringa foregår på bokmål, men administrasjons- og skulemål i Vågå er nynorsk. Tidlegare fanst slikt program berre på bokmål, men ordføraren hadde funne ut at det var eit par år sia liknande vart tilgjengeleg på nynorsk, og nå ville han ha formannskapet med seg på at opplæringa for innvandrarar heretter måtte over på administrasjonsmålet.

Han løyner ikkje å vera ihuga målmann, og Vågå kommune er med i Landssamanslutninga for nynorskkommunar, men ordføraren ser likevel dette i eit vidare perspektiv.

Det har med integrering å gjera..

- Vi tek i mot desse folka for at dei skal lære seg norsk og lokal kultur og for at dei skal bli her. Dette er ressurspersonar ein kan ha stor nytte av, og da må dei lære seg mål og lokal kultur, meiner ordføraren.

Artikkeltags