Jaktar på ulv i Skjåk

Sauen lever nå farleg i Skjåk. Det er ulv i Jøingslia.

Sauen lever nå farleg i Skjåk. Det er ulv i Jøingslia. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Etter at det vart observert ulv som jaga sau på Lessplassen i Skjåk måndag morgon, er det sett i gang jakt på ulven.

DEL

Det var ved 07.30-tida at ulven vart observert på gardsbruket i Jøingsli. Gardbrukaren er sikker i sin sak, om at det var ulv han såg.

Jegerar vart straks kalla ut. Men så langt har ingen sett att ulven.

- Så lenge det ikkje er spor å gå på er det vanskeleg, seier rovviltkontakt Erling Dagsgard.

Han ser det ikkje som urimeleg at det kan vera ulven som har herja på Lesja som nå har teke seg over fjellet.

- Laurdag kveld fekk vi melding frå ein jeger som måtte avlive ei skadd simle ved Jehanshøe her i Skjåk. Det var typisk ulvebitt på simla, seier Dagsgard.

Det er nå linsensjakt på ulv.

Artikkeltags