- Klones blir ikkje asylmottak

PRESS: Arne Brimi forventar at vågåordførar Iselin Jonassen og formannskapet vel beste konsept.Foto: Ketil Sandviken

PRESS: Arne Brimi forventar at vågåordførar Iselin Jonassen og formannskapet vel beste konsept.Foto: Ketil Sandviken Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Ordførar Iselin Jonassen avkreftar rykte om at Klones skal bli asylmottak.

DEL

Da det i går tidleg vart kjent at Klones er seld for nær åtte millionar kroner, vart det fort spekulasjonar om kjøpar. Det heitaste var at det skulle bli asylmottak. Dette avkreftar ordførar Iselin Jonassen. Likeeins gjer leiaren av Norsk mottaksdrift.

God prosess

- Eg er ikkje kjent med at Klones skal bli asylmottak, seier Jonassen, klar over at det går mange rykte. Ut over at det har vore ein god prosess og at kommunen som eigar har som mål å skape næringsutvikling på Klones er det ikkje så mykje ordføraren vil seia ut over at bodet skal vurderast avgeneralforsamlinga.

Eigarmøte 15. oktober

- Det er tillyst ekstraordinært eigarmøte 15. oktober, men det kan bli flytta til 16. etter vi har formannskapsmøte da, seier ordføraren.

Steinar Aasgaard, talsmann for ei gruppe som har arbeidd forovertaking, er litt forbausa over styreleiarens utsegn om at høgste bod er akseptert. Han meiner kommunen heile tida har gjeve inntrykk av at konsept er viktigare enn pris.

Det seier også Arne Brimi, som har hatt tett kontakt med to av interessentane.

- Eg kjenner to av dei som har kome med bod, ikkje den tredje, og dei har verkeleg sterke ambisjonar med gode og grunngjevne idear. Eg har tillit til at formannskapet som generalforsamling vel det beste alternativet. Vi har ikkje mange slike stader som ligg slik til og har eit slikt grunnlag for ivaretaking og vidareutvikling av kulturgrunnlaget vårt, seier Arne Brimi.

Artikkeltags