- Folk har mista heimane sine både to og tre gongar. Det gjer inntrykk å møte dei som er involvert. Dei tek det med fatning og klarer til og med å le av det i all sin forferdelegheit. Eg ser at dei har avfunne seg med det som har skjedd. Det er tungt å starte på nytt igjen, seier kong Harald til GD etter besøket.

Møtte flaumofre

I løpet av ein time på fredag ettermiddag møtte han flaumofre i Kvam.

- Eg sa lykke til og eg håper framtiden blir betre enn dei to siste åra. Eg har dessverre besøkt slike steder før. To år er lenge å vente på at det blir trygt, men skal det bli trygt må det vel gå så langt tid, seier kongen.

- Triveleg at kongen kom til Kvam

Kvam var pynta med norske flagg og det var mange som tok turen for å få eit glimt av kongen.

- Eg tykkjer det er triveleg at kongen tok turen til Kvam. Vi prata om kva som hadde skjedd og kva som skjer framover, seier Irene Brendstuen.

Kongen stilte villig opp til å ta mobilbilde da ho spurde om det.

- Sporty gjort, seier Brendstuen.