Gå til sidens hovedinnhold

Skattkammer i reinens rike

Artikkelen er over 5 år gammel

Det manglar ikkje på aktivitetstilbod i reinens rike denne haustferieveka.

SJODALEN:  Reinens rike - ditt skattkammer, er overskrifta for bortimot 50 programpostar som fem samarbeidande turistbedrifter har gått saman om til nyvinninga Jotunheimen reinsdyrfestival.

Sjørøvercruise

Heile denne haustferieveka kan unge og vaksne boltre seg i mat og aktivitetar, det er ikkje minst lagt vekt på tilbod som fenger barna.

Slik sett er vel sjørøvercruise eit framandelement i den norske fjellheimen, men med turistsesong på hell kan alltids mannskapet på Gjendebåtane unne seg litt munter moro. Det veit eit ungane å setja pris på. Spesielt når skipperen forlangar at Maga Khan skal gå planken rett ut i iskalde Gjende.

Det er straff som fortent.

Inne på land har Sofie Kleppe i nystarta Jutulskinn barnecamp med tilstelling av skinn frå tamrein, men det er nok vel så gjevt å få spikke seg pil og boge, utstyret kan ein saktens få prøvd på reinsdyrsafari på Valdresflye.

Smak av rein mat, er ein viktig del av festivalen. Velkomen til bord dekt med råvarer frå aller øvste hylle, står det å lesa i programmet.

 

Lokal fjellaure og økologisk vilt, seintveksande fjellurter, bær og grønsaker, og mørna reinskjøtt som aldri har streifa meir enn tre mil frå bordet og smakar ureist vilmark, står på menyen.

Bessheim fjellstue har hatt suksess med viltbuffetar, og diskar opp på nytt fredag. ndsæter innvia sist fredag nytt eldhus og nytt stabbur med festmåltid og baud på fem retters gourmetmåltid laurdag og gjentek dette laurdag.

Hindsæter innvia sist fredag nytt eldhus og nytt stabbur med festmåltid og baud på fem retters gourmetmåltid laurdag og gjentek dette laurdag.

– Det gjeld å utvide sesongen, og dette unike samarbeidet mellom turistbedriftene i Sjodalen har ført oss til eit nytt nivå.

Marius Haugaløkken, Gjendesheim, og Bjørn Ekerbakke, Bessheim, er ikkje i tvil om at dei kan dra vekslar på dette også vinterstid. Meir er på gang.

Sirkustelt for 600

– Det er veldig moro å sjå resultatet av felles satsing og marknadsføring. Denne veka i fjor hadde vi 40 gjestar i haustferieveka. Nå er det ei tre-dobling, og så stor pågang at vi har styrt folk over til andre.

Fram til fredag er det mest barnefamiliar, men da kjem det folk som skal på matmartna og musikkfest en «Rock og rein» med folkrockbandet Staut. Vi set opp sirkustelt med 600 sitteplassar og eit stort mattelt med åttemannsbord inntil der det skal grillast to heile reinar og 23 reinsdyrlår, fjellaure og mange andre forskjellige smakar.

 

Det er sett opp buss frå Vågåmo, og dei ymse turiststadene i Sjodalen.

Sjå også: Rein vandring i Vågåmo

Rein smak ei heil veke til endes

– Lokale skinn er ein ressurs

– Kjem til å passere 60.000 passasjerar 

Kokken og reiselivet i to dagars konferanse