Det er ingen tvil om at spenninga stig blant dei fleire tusen gjestane, spelemenn og dansarar som er med under folkefesten i Lom. Mange av dei som skal vera med under meisterkonserten søndag er klare, men det er ikkje før under konserten vi får kunnskap om kven som vinn dei ymse klassane. Laurdag kveld er det den siste finalen. Ved midnatt får vi kjennskap til namna på dei tre frå gruppespelet vi får høyre i morgon. Slik er reglane under festivalen i Lom. Etter finalane får publikum kjennskap til dei tre beste, men ikkje plasseringane dei har fått blant dei tre. Det kjem søndag under meisterkonserten.

Bildeserie

Glimt frå gruppespelet i Lom

 

Vellukka

Det er trivelig å gå ei runde rundt på festivalområde og campingarena i Lom og snakke med deltakarar og publikum. Det er dei som skal gje arrangøren tilbakemelding på om Lom Spel- og Dansarlag har klart å stelle i stand eit vellukka arrangement. Etter det vi har høyrt og sett til nå, er det mykje som tyder på at arrangøren får høge verdiar på terningkasta.

-Lom Spel- og Dansarlag, rundt rekna 500 friviljuge og andre medhjelparar gjer ein særs god jobb, er tilbakemeldingane til nå.

Tett

Under Landsfestivalen i gammaldansmusikk får det relativt nye fleirbrukshuset i Lom, Utgard, testa seg på ein fin måte. Og, testen ser ut til å fungere bra. Festivalen i Lom er eit tettpakka arrangement. Tettpakka i den forstand at det er kort veg til alle stadar det er ønskjelig å besøke under festivalen. Konsert- og danselokale ligg like ved campingområder, parkeringsplassar, serveringstelt og sentrum.