LEMONSJØEN: - Landbruket må styrkast, det er heile regjeringa samd om, men som parlamentarisk leiar for SV kan eg ikkje gå god for utfallet av jordbruksforhandlingane, seier Inge Ryan etter at styreleiar Ragnhild Sjurgard i Jotunheimen Reiseliv i går overleverte uttale til årets jorbruksforhandlingar. Det blir understreka at landbruket er svært viktig for reiselivet. For å få ei god oppleving er det viktig med levande bygder og tradisjonar, spesielt eit velstelt og levande kulturlandskap. Dette er i tråd med uttale frå Lom formannskap som ordførar Simen Bjørgen skal overlevere landbruks- og matministeren i kontaktutvalet som lomsordføraren sjølv er medlem av.

- Gror aldeles att

- Kulturlandskapet er ikkje ein gong som det var. Vi gror aldeles att. Skal vi ha eit eksklusivt reiseliv, må vi ha eit aktivt landbruk, sa Sjurgard, til dagleg vertinne på Bessheim fjellstue. - Dette er kjent stoff, men kravet er heilt berettiga. Det er ei kjempeutfordring å hindre attgroing. Eg vil sjølvsagt ta med meg uttalen til regjeringa. Eg er heilt samd i det ho seier om at det må vera eit levande landbruk for å kunne utvikle reiselivet, seier Ryan til GD. - Får landbruket eit lyft i årets jordbruksforhandlingar? - SV ønskjer å styrke landbruket, det gjer alle tre regjeringspartia i tråd med Soria Moria-erklæringa, men eg tør ikkje love noko. Det handlar om å gje og ta, kompromiss er ein del av det politiske spelet. - Som parlamentarisk leiar har du stor makt? - Ja, og områda her er krevjande fordi det er mange små bruk med store utfordringar.

- Kjempeutfordring at folk dras ut av bygda

- Urbaniseringa har aldri vore sterkare? - Heilt klart. Det er urovekkjande og ei kjempeutfordring at folk dras ut av bygda, og det blir ekstra ille med så lita arbeidsløyse. Vi må stimulere til næringsaktivitet i distrikta, men det er ikkje enkelt når det også er mangel på arbeidskraft ute i distrikta, seier Ryan etter si rundreise i Vågå i går. Ordførar Rune Øygard opplyser at landbruket var ein raud tråd for besøket. Dette for å understreke betydninga av behovet for eit godt jordbruksoppgjer. SV har trass alt finansministeren. - Landbruket er såpass rasjonaliert og pressa at vi fryktar for framtida, seier vågåordføraren.