LESJA: – Eg hadde ikkje trudd eg skulle vinne, så eg vart overraska, litt overvelda – men kjempeglad, seier Anna Haugstad Avdem (24), dagleg leiar på Avdemsbue, som opna 4. juli som nytt ansikt for Avdem gardsysteri.
Allereie 15. mai skreiv ho søknadsbrev etter tips frå ein kunde, og melde seg på i tevlinga om å bli den beste bygdegründeren.
Det gjekk vegen.
Vil setja Lesja på kartet
Her er noko av det Anna skreiv i søknaden: «Eg vil gjere Avdemsbue til ein lokalmatportal, med det beste landet vårt har å by på av smakar. Eg ynskjer å gjere Avdemsbue til ein destinasjon og håpar å setje Lesja tydelegare på kartet, samtidig som det blir ein møtestad for lokale innbyggarar. Bygdeutvikling er viktig for meg, eg trur på levande bygder med sjel og særpreg. Med Avdemsbue ynskjer eg både å ta ansvar for heimbygda mi med sine to tusen innbyggarar, og å utvikle lokalmatprodusenten Avdem Gardsysteri.»
– Anna evnar å skape begeistring for det ho driv med, seier Kjersti Myhre, redaktør i Lev Landlig, som vier åtte sider til den unge vinnaren i siste utgåve av bladet.
Les også: Anna på Avdemsbue
– Dette betyr verkeleg noko
– Kva betyr det å vinne?
– Det gjekk opp for meg at dette betyr noko. Fleire av kundane har i sommar nemnt omtalen vi har fått i Lev Landlig, eit magasin som favnar målgruppa vår. Nå får vi fleire sider og får verkeleg vist fram butikken. Det er mange bilete i eit slikt blad, så ulike element kjem fram. Det er bra, seier gründeren.
– Korleis blir vegen vidare?
– Nå blir det berre å henge med på sesongane og sørgje for at det er ei utvikling i butikken så det ikkje blir keisamt å komme attende. Vi må by på noko nytt for å tiltrekkja bygdefolket. Det skal vera litt spennande, fortel 24-åringen.
Les også: Anna til superfinalen
– Kva har du erfart så langt?
– Eg har skjønt kor utruleg mange oppgåver det er i ein butikk, sjølv om den berre er 60 kvadratmeter. Med meir enn 70 produsentar tek det mykje tid å bestille, ta imot og pakke ut vare. Du må sjekke at alt stemmer – og så skal alt seljast. Men det har vore utruleg artig.
Nå gler butikksjefen seg til haust og førjulstid, og er spent på kor mykje handel det blir og om folk vil gjeva bort mat til jul?
– Det har roa seg litt etter sommaren nå, men det er nå alt eigentleg byrjar, seier Anna.
Les også: Avdem-opning i tv
Les også: Avdemsbue kan vinne gründerpris
Her er juryens begrunnelse
«Vinneren er en ung gründer som satser og starter noe nytt samtidig som hun viderefører gamle tradisjoner. Hun flytter tilbake til hjemgården der hun blir niende generasjon driver, med en ambisjon om å sette gårdens allerede etablerte produkter i ny sammenheng, med utgangspunkt i butikken fra 1938. Vi vektlegger at hun har tydelig målsetting både om å skape lokalt engasjement, og å etablere et stoppested som er interessant ut over lokalmiljøet. Hun bidrar med lokal verdiskapning gjennom salg av egenproduserte varer. Samtidig gir hun også andre produsenter, både lokale i Gudbrandsdalen og fra andre deler av landet, et utsalgssted. Her snakker vi om landlig verdiskaping i virkelig vid forstand!»
Les også: Hun kan bli den beste gründeren på bygda

Landhandel med historie
Se også: