Menneskeverdspris til Per Fugelli

Hedret: Per Fugelli er tildelt Menneskeverds Livsvernpris 2017.

Hedret: Per Fugelli er tildelt Menneskeverds Livsvernpris 2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Lege og professor Per Fugelli er tildelt Menneskeverds Livsvernpris 2017 for si evne til å snakke naturleg og ærleg om døden, samtidig som han inspirerer til livsglede.

DEL

OSLO: På den måten er han med på å gi næring til sjølve livet, heiter det i grunngjevinga frå organisasjonen Menneskeverd.

Etter at Fugelli fekk påvist kreft for over sju år sidan, har han gitt døyande og alvorleg sjuke ei stemme i det offentlege. Midt i eigen sjukdomsprosess og nærståande død har han sett fokus på livsglede og løfta fram verdien av dei nære ting i livet, heiter det vidare.

– Når du veit at du snart skal døy, blir du ein hund etter prisar. Det gir deg ei slags innbilling om at du har gjort nytte for deg på jorda. Vi må slåst for eit samfunn som byggjer på respekt for menneskeverdet, likeverd, rettferdig fordeling, gode og like moglegheiter til å skape eige liv. Eg tolkar Livsvernprisen som ei støtte til dette synet, seier Fugelli.

Prisen blir delt ut 6. februar av helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Livsvernprisen har vore  delt ut  sidan 1997 og blant dei  tidlegare  vinnarane  finn vi blant anna Signe og Geir Lippestad, Thorvald Steen og Margreth Olin.

Organisasjonen Menneskeverd spring opphavleg ut av Folkeaksjonen mot fri abort som la ned sitt arbeid etter at abortlova vart vedtatt i 1978. Folkebevegelsen For Livsrett og Menneskeverd vart danna i 1981. I 2002 slo dei seg saman med antiabort-organisasjonen Norsk Pro Vita, og danna Menneskeverd.

Les også om Einar Oddens møte med Per Fugelli i 2014:  Livets apostel

Artikkeltags