Lom best, igjen

NORGES BESTE: For tredje året på rad toppar Lom Kommunal Rapports kommunebarometer.Foto: Elias Sperstad

NORGES BESTE: For tredje året på rad toppar Lom Kommunal Rapports kommunebarometer.Foto: Elias Sperstad Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

For tredje året på rad toppar Lom Kommunal Rapports kommunebarometer.

DEL

– Tusen takk for det. Dette er svært gledeleg, jublar administrasjonssjef Ola Helstad da han blir gratulert med det strålande resultatet.

Som i 2011 og 2012 tok Lom topplassen på kommunebarometeret også i 2013.

Målretta

– Dette er ei stadfesting på at vi gjer ting på ein bra måte. Vi arbeider heile tida målretta for å bli betre, seier Helstad. Han understrekar det gode samarbeidet mellom administrasjon, politikarar og brukarane.

– Vi var tidleg ute med brukarundersøkingar. Det er eit veldig viktig instrument for å gjera ting betre. Helstad meiner at resultatet gjev kommunen godt omdømme.

Godt omdømme

– Klart det gjer det! Det gjev både Lom og Ottadalen eit godt omdømme. I år må Lom finne seg i å dele førsteplassen med Høylandet. Nabokommunen Skjåk ligg på 21. plass.

Kommunebarometeret er ei samanlikning av alle landets 429 kommunar, basert på til saman 116 nøkkeltal som blant anna er henta frå kommunebasen Kostra.

Hensikta med kommunebarometeret er å gje dei som tek avgjerd, særleg folkevalde i kommunestyret, ei lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over korleis kommunen driv. Det gode resultatet skal ikkje bli ei sovepute for Lom.

– Vi er stadig på leit etter å gjera ting betre, understrekar Helstad.

Artikkeltags