Gå til sidens hovedinnhold

Astrid Kvam Helset blir ny redaktør i lokalavisa Vigga

Artikkelen er over 4 år gammel

Dovre/Lesja:Styret i Vigga har tilsett Astrid Kvam Helset (33) som redaktør og dagleg leiar.

Astrid Kvam Helset avløyser Maria Kampesæter Kleiven (28) som har hatt stillinga sidan 2013.

Kampesæter Kleiven sa opp si stilling i januar i år, og Helset tek over frå 15. juni 2017.

Kampesæter Kleiven går over til å jobbe i sambuarens firma Kampesæter Kleiven går over til å jobbe i sambuarens firma innan marknadsføring og medietenester.

Nyredaktør Kvam Helset har arbeidd som journalist i Vigga sidan 2008, og har i følje pressemeldinga frå Vigga ei solid erfaring og kunnskap innanfor journalistyrket. Ho er busett på Lesjaskog, og har god kjennskap til liv og levnad i både Lesja og Dovre kommuner.

– Eg gler meg til å ta fatt på utfordringa om fortsatt lage ei god lokalavis, saman med dei andre tilsette i Vigga, seier Astrid Kvam Helset som blir den sjette redaktøren i avisa sidan 2007.

Styret i Vigga er glade for at Helset tek jobben som redaktør og dagleg leiar i lokalavisa.

– Dette er vi svært nøgde med, seier styreleiar Asta Brimi.