- Fellingstillatelsen vart iverksatt onsdag. Området gjeld sør for Friisvegen i Ringebu til aksjøsetervegen i Øyer, seier Marthe Lang-Ree frå Rovvilttelefonen til GD.
Tillatelsen gjeld fram til og med onsdag 22. juni.
- Den er gjeve med bakgrunn i at det er funne kadavre i Fåvang, seier Lang-Ree.
- Seks søyer er teke av bjørn
Mogens Lorentzen i Statens naturoppsyn har hatt ei travel tid i det siste.
Han fortel til GD at det er påvist seks søyer som er teke av bjørn.
- Fem på Håkåsetra vest i Sør-Fron og ei i Samdalen i Ringebu, seier Lorentzen.
Fleire av søyene er av eldre dato fortel Lorentzen.
- Eg er deppa
Pål Kjorstad frå Sør-Fron var den som mista fem av søyene til bjørnen.
- Eg er deppa og langt nede. Eg oppdaga kadavra på ei tilsynsrunde og det er ikkje eit pent syn. Nå må det snart hardare lut til for det virker som om oss ikkje har fått fram bodskapet vårt, seier Kjorstad.
Han fortel om ein håplaus situasjon.
- Dei ansvarlege forstår ikkje situasjonen og frustrasjonen vår, seier Kjorstad til GD.
Kva meiner du bør gjerast?