- Det er mange som jobbar godt og skaper gode resultat i Midt-Gudbrandsdal. Vi fekk inn ni forslag til næringsprisen, men Fjøssystemer og Åge Stenumgård utmerkjer seg. Han har mot til å tenke heilt nytt og har ein landsdekkjande verksemd med hovudkontor i Fåvang. Han etablerte firmaet i 1980 og bør vere eit forbilde for fleire i vår region. Åge og Fjøssystemer er ein stor bidragsytar til nytenking og modernisering av norsk landbruk og har heile tida vore i forkant av utviklinga, seier Per Morset, leiar av Midt-Gudbrandsdal næringsforening.
- Tør å tenke stort
Torsdag overrekte han næringsprisen til ein stolt Stenumgård på næringsarrangementet på Rudi gard i Sør-Fron.
- Åge tør å tenke stort og let ikkje geografiske grenser vere ei begrensing. Han har etablert avdelingar i heile Norge og er ein særs verdig vinnar, seier Morset.
- Stabil arbeidsstyrke
Sjefen sjøl er rørt over å få prisen.
- Eg er på ein måte ein dirigent som styrer mange flinke folk. Der er noko av suksessgrunnlaget også. Eg har vore heldig som har hatt ei stabil arbeidsstyrke som har vore hjå meg i mange år. Det skapar stabilitet og er ein viktig faktor for å lukkast, seier Stenumgård.
At arbeidsstyrken er stabil kjem godt med i ein stadig meir krevjande bransje.
- Det er annleis å jobbe i dag enn for 20 år sidan. Krava er større og spesifiseringa er større. Nå krevst det ein person som berre har kunnskap om sau når vi byggjar eit nytt fjøs til ein sauebonde. Det er veldig spesifiserte arbeidsoppgåver. Eg er glad for prisen, seier Stenumgård.
Det vart også delt ut prisar til gasellebedriftene i Midt-Gudbrandsdal. Der er det gode nyheiter å spore. I fjor var det ei gasellebedrift, mens i år er det sju bedrifter. Bedriftene i Midt-Gudbrandsdal er:
Åge Haverstad Maskinentreprenør AS
Fåvang Elektro AS
Fron Bygg AS
Båtberget Transport AS
Doorway IQ Vinstra AS
Ringebu Graveservice AS
Gauksås Gulvstøp AS
- Det er gledeleg å sjå at dette går oppover. Eit historisk tal og eg håper det fortsett, seier Morset.