Berre åtte personar, i hovedsak tilsette og politikarar i Sel kommune, kom på det tillyste folkemøtet om målforma ved Otta skole.

Leiar i foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Otta skole, Irene Viken, sa rett ut at ho ikkje hadde merka noko engasjement i det heile rundt denne saka. Ho var ikkje FAU-leiar i fjor då saka vart teke opp på politisk hald fordi det sterkt minkande talet på nynorskelevar, heilt ned i fem-seks elevar, skapte problem med å få til store nok klassar ved skulen.

Kommunalsjef Kari Hølmo Holen og pedagogisk leiar Bente Krogseter hadde verkeleg trudd det kom fleire enn det gjorde på møtet tysdag i forkant av folkerøystinga på rådhuset 12. mars.

Ordførar Dag Erik Pryhn sa at låg oppslutning i seg sjølv var eit signal politikarane måtte ta omsyn til. Dei ynskte seg elles tydelege signal ved folkerøystinga 12. mars og at folk verkeleg kom og sa frå kva dei meinte.

Då det vart røysta om målform ved skulen i 1972 var oppmøteprosenten 40 med overvekt av bokmålsrøyster. 182 ville ha bokmål medan 144 ville ha nynorsk. Det var ikkje nok for politikarane til å skifte ut nynorsken den gongen.

Nynorsk eller bokmål? Si meininga di på GDs facebookside.