Norges eldste klesplagg

:  Førsteamanuensis dr. Mariann Vedeler ved kulturhistorisk museum kunne i dag vise fylkesordførar Gro Lundby og lomsordførar Bjarne Eiolf Holø den 1700 år gamle kjortelen.

: Førsteamanuensis dr. Mariann Vedeler ved kulturhistorisk museum kunne i dag vise fylkesordførar Gro Lundby og lomsordførar Bjarne Eiolf Holø den 1700 år gamle kjortelen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Den 1700 år gamle kjortelen som vart funne i kanten av Lendbreen på Lomseggen vart i formiddag framsynt for første gong på kulturhistorisk mueum i Oslo.

DEL

Frå juni i år får publikum sjå kjortelen for første gong i ei ny utstilling i Norsk fjellmuseum i Lom saman med mange andre av dei 350 sensasjonelle funna på skjåksida av Lomseggen.

Det var hausten 2011 det vart funne eit stort tekstilsykke som skulle vise seg å vera ein heil og 1700 år gammal kjortel som dermed er Norges desidert eldste klesplagg. Kjortelen er unik i nasjonal og internasjonal samanheng, og viktig i eit europisk perspektiv, seier fylkesarkeolog Espen Finstad i Oppland fylkeskommune.

Spennande resultat

Arkeolog Marianne Vedeler, førsteamanuensis med doktorgrad ved kulturhistorisk museum, har forska på kjortelen det siste året og kunne i formiddag presentere spennande resultat.

Stoffet er av svært god kvalitet. Det er nøye utvald ull og vevteknologien er avansert. Snittet er enkelt og drakta høver til ein stor gut eller ein smal og middels stor kar. Det er vevnad i firksaft såkalla diamankryptert og er Z-spunne i både varp og veft. Veven er i medium kvalitet, det vil seia 16-18 trådar per centimeter i varp og åtte-ni trådar per cenitmeter i veft. Tråden er mellom 0,5 til0,7 millimeter tjukk. Slitasje og lapping viser at det er eit plagg som er godt brukt. Elles i Europa finst det berre ei handfull liknande plagg frå same tid og dette gjer kjortelen frå lendbreen svært interessant også internasjonalt, meiner Finstad.

Avsmelting

Det var i 2006 den store avsmeltinga i høgfjellet i Oppland tok til, som medførte sensasjonelle funn. Spesielt da fjellkar Reidar Marstein frå Lom fann ei 3400 år gammal skinnsko innunder Kvitingskjølen.

Det er nå registrert 1600 arkeologiske funn frå 40 stader i Oppland, blant anna eit 3700 år gammalt pilskaft, ein 3300 år gammal boge og ei 2700 år gammal ski. Dei fleste funna er knytt til reinsjakt, men i august 2011 dukka det opp ein heilt ny type funnstad: ein gammal ferdselsveg ovr fjellet som kryssa øvste delen av Lendbreen på Lomseggen i over to tusen meters høgd.

Artikkeltags