Ny merkevare i Lom

Fylkesmann Kristin Hille Valla, direktør i Direktoratet for naturforvaltning, Janne Solli og meisterkokk Arne Brimi byggjer varde av stein frå Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen i høve nasjonalparklandsby-opninga i Lom laurdag. Ordførar Simen Bjørgen  står æresvakt. (Foto: Leif Øverland)

Fylkesmann Kristin Hille Valla, direktør i Direktoratet for naturforvaltning, Janne Solli og meisterkokk Arne Brimi byggjer varde av stein frå Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen i høve nasjonalparklandsby-opninga i Lom laurdag. Ordførar Simen Bjørgen står æresvakt. (Foto: Leif Øverland) Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

- Lom har fått eit eineståande verkemiddel i merkevarebygginga, sa fylkesmann Kristin Hille Valla under den offisielle opninga av Lom nasjonalparklandsby laurdag.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

Saman med meisterkokk Arne Brimi og direktør Janne Solli i Direktoratet for naturforvaltning bygde fylkesmannen varde med stein frå Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen som symbolsk handling i høve opninga ved Norsk Fjellmuseum laurdag.

I det hustrige vêret var det diverre ikkje alt for mange som møtte fram på opninga. Toppen 150 - og mange var spesielt innbedne frå nær og fjern. Nokon folkefest for almuen kan det difor ikkje kallast det som gjekk føre seg på Fossbergom laurdag sjølv om Endre Skjåk og Hildegunn Hovde gjorde sitt beste med livfull dramatisering og song frå tak, gesimsar og steinrøyser, men stilfullt var det.

Artikkeltags