Nytt Peer Gynt-løp

PRIMUS MOTORAR: Bjørnar Bakken og Audun Skattebo.

PRIMUS MOTORAR: Bjørnar Bakken og Audun Skattebo. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Laurdag 11. august er det klart for nytt Peer Gynt-løp.

DEL

GÅLÅ: Fjorårets løp fekk gode tilbakemeldingar og det er til og med spådd fint vær, så nå håper vi at mange tek turen for å springe, seier primus motor for løpet, Audun Skattebo.

Det var i fjor dette løpet såg lyset for fyrste gang. Det er heilt bevisst at dette løpet blir arrangert under Peer Gynt-stemnet. Da er det mykje hyttefolk i området og det er ynskje om å lage litt liv og røre i tillegg til alt det andre som skjer i området.

Distansane det blir konkurrert i er 16 kilometer, 8 kilometer, 3 kilometer, samt 1 kilometer for dei yngste. Den lengste løypa kan og springast som stafett og her oppfordrar Skattebo bedriftene rundt omkring til å stille opp.

- Midten av august er ei flott tid i fjellet og vi tek utgangspunkt i den fantastiske naturen her på Gålå, seier Skattebo.

Arrangementet gjennomførast på skistuggu på Gålå.

- Løpet gjennomførast på sti, traktorveg og grusvegar i Gålåområdet. Dette er eit flott høve til å samle eit lag som kan klare målet om å gjennomføre Peer Gynt-løpet som ein stafett, seier Skattebo.

Dersom ein deltek på stafett er dette fem etappar på distansen 16 kilometer.

- Dette er eit fint høve til å utfordre kollegaer, venner familie eller klubbmedlemmer, seier Skattebo.

I fjor vant Geir Thune og Line Lystad totalvinnarar på den lengste distansen 16 kilometer. Eivind Nybakken og Hilde Eide vart beste mann og kvinne på 8 kilometerløypa.

I år er det klart for nye duellar og utfordringar i naturen rundt Gålå.

Vi håper mange nyttar moglegheita til å delta. Det er framleis mange som er på fjellet og dette er eit fint høve til å møte både gamle kjende og bli kjent med nye. Eg håper både lokalfolket og hyttefolket blir med og spring og kjem seg ut, seier Skattebo.

Artikkeltags