Ordførarkandidat sparka

OPPSAGT: Anne-Lise Marstein har vorte oppsagt i Giax.  Oppseiinga er heilt usakleg og det manglar dokumentasjon for påstandane, seier Marstein. Nå vil ho møte Giax i retten.

OPPSAGT: Anne-Lise Marstein har vorte oppsagt i Giax. Oppseiinga er heilt usakleg og det manglar dokumentasjon for påstandane, seier Marstein. Nå vil ho møte Giax i retten. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Anne-Lise Marstein har vore arbeidsleiar ved Giax i Lom i seks år. Nå har ho fått sparken, og uroa i Giax er større enn nokon gong.

DEL

LOM: Marstein har skaffa seg advokat og går nå til rettssak mot attføringsbedrifta. At ho også er ordførarkandidat for Ap i Lom gjer saka enda mer spesiell.

- Eg har sendt inn stemning mot Giax, og det blir mest sannsynleg rettssak. Grunnen er at eg føler meg usakleg oppsagt, seier Marstein til GD.

Anne-Lise Marstein er arbeidsleiar for varig tilrettelagt arbeid i Giax si avdeling i Lom. Det har ho vore sidan juni 2005. Ho fortel om eit unikt miljø og at ho er heldig som har fått lov til å bli med å byggje opp dette miljøet. Fyrste september er det slutt.

Absurd situasjon

- Eg fekk brev i posten 4. mai frå leiinga i Giax om at eg vart sagt opp. Eg har fått tre månaders oppseiingstid og skal jobbe fram til 1. september. Før eg tok imot brevet hadde vi eit drøftingsmøte, så beskjeden kom ikkje overraskande på meg. Men heile situasjonen er absurd. Eg har fått ei totalt usakleg oppseiing som manglar dokumentasjon for påstandar eg ikkje kjenner meg att i, seier Marstein.

Ho meiner det er eit tankekors at Giax, som er ei attføringsbedrift ,står for ei slik personalbehandling.

Det er kjent at det er ein anstrengt situasjon mellom avdelingane til Giax i norddalen og avdelinga på Ringebu. Avdelingane på Dombås og Lom har vore diskutert lagt ned på grunn av økonomi, mens Ringebu ikkje har vore like sentralt med i diskusjonen.

Tala på Ringebu har vore minst like raude som på Dombås og i Lom. Det har miljø frå Giax-avdelingane i Lom og Dombås fått med seg og har tidlegare gjennom GD retta kritikk mot avdelinga på Ringebu.

- Det har tilspissa seg i det siste. Eg tykkjer det er beklageleg dersom det ikkje går an og komme fram til ei løysing som kan sikre viktige tiltaksplassar ved alle Giax sine eksisterande avdelingar, seier Marstein.

Sjokk for dei tilsette

Frå september står Marstein utan jobb.

- Beskjeden kom som eit sjokk for dei tilsette i Lom da eg fortalde dei om situasjonen. Det er så synd at dette skjer for vi har klart å skape eit unikt miljø i Lom, seier Marstein.

Nå ventar ho på at stemninga skal bli behandla.

GD har prata med tilsette om arbeidsmiljøet i bedrifta. Dei vil ikkje stå fram med namn.

- Da er vi redd vi mister jobben, seier dei.

- Stemninga er dårleg. Viss vi seier kva vi meiner og kjem med kritiske og konstruktive innspel, blir det møtt med åtvaringar og sanksjonar, seier dei.

Dei fortel om ei leiing som bruker hersketeknikkar.

- Det er ein veldig uheldig bedriftskultur.

Når dei startar i jobben må dei skrive under eit skjema der all utsegn til pressa må godkjennast av leiinga. Dei tykkjer det er synd at Marstein har hamna i ein slik situasjon.

- Ho er flink og veldig dyktig.

Dei tilsette stadfestar at forholdet mellom Ringebu og dei andre avdelingane ikkje er bra.

Artikkeltags