Vågå-ordførar Rune Øygard er kjent med dei underleg fenomena ved Lalm oppvekstsenter.

- Rett nok kjenner eg ikke veldig godt til til saka og har vanskeleg for å uttale meg om kva dette er, seier Øygard.

Men som ordførar og arbeidsgjevar gjennom Vågå kommune er han klar på at han tek alle dei tilsette ved Lalm oppvekstsenter, og det dei har opplevd på alvor.

- I ei slik sak som dette er det lett å gjere narr av historia, og føle seg som narr for den som har opplevd noko. Det er nok mange som ikkje trur på slike fenomen.

Det kan vere pinlig for dei som har vært i situasjonen og stå fram med det. Eg kan godt skjønne det om dei føler seg pressa i denne saka, seier Øygard

Det som er sikkert i følgje ordføraren, er at problemet skal løysast.

- Førebels vil vi følgje med på korleis denne saka utviklar seg. Det er ikkje så lette å definere kva dette fenomenet er - og kva som kan gjerast. Men om nødvending skal vi finne fram til den kunnskapen og dei virkemidla som trengs. Ein start kan vere å gjere ei bygningsmessig vurdering, seier Øygard.