Gå til sidens hovedinnhold

Redaktør i 35 år

Artikkelen er over 9 år gammel

Jon Ødegård har vore redaktør for årboka i Ringebu i 35 år.

Torsdag kveld får innbyggjarane i Ringebu besøk av folk som køyrer rundt og skal selje årets årbok for Ringebu kommune «Hemgrenda 2011».

For 35. året på rad er Jon Ødegård redaktør. I mange år hadde han god hjelp av Per Åsmundstad.

- Eg har jo ei stor interesse og dette er berre morosamt. Det er eit veldig gjevande arbeid, seier Ødegård til GD.

Mange vil kjøpe boka

Og det manglar ikkje på interesse for å kjøpe boka.

- Vi har ei lang liste kvart år som vil kjøpe boka. Den er like populær blant innbyggjarane og hytteeigarar, seier Ødegård.

Opplaget er på 1.900 eksemplar.