Rein gjekk seg vill i Skjåk

Rein på vinterbeite. Vart bukken som strauk til bygds i Skjåk skremt av rovdyr? Illustrasjonsfoto:

Rein på vinterbeite. Vart bukken som strauk til bygds i Skjåk skremt av rovdyr? Illustrasjonsfoto: Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Vart reinen skremt av eit rovdyr? Eller hadde det klikka for den?

DEL

Knut Granum i Ottadalen villreinnemnd har ikkje noko klårt svar på kvifor villreinbukken tok seg ein «bytur» laurdag ettermiddag.

Mange stussa og trudde ikkje sine eigen auga da dei på ettermiddagen såg ein reinbukk som spankulerte gjennom bygda.

Over elva

– Truleg har den kome ned frå Kummemyra. Den har gått om Tråstadhaugane, og så over elva om Ringøye og til andre sida, seier Granum.

Så vart den observert i Lundagrenda. Folk følgde bukkens vidare ferd. Den gjekk over Ottaelva, til Bismo. Men i «byen» likte den seg tydelegvis ikkje. For berre etter ei lita stund vassa den attende. Da vart den borte i mørket.

Rovdyr?

Kvar den tok vegen vidare, er ukjent.

– Kanskje har den vorte skremt av rovdyr inne på fjellet. Det er observert eit par tre reinskadaver på Liafjellet, truleg drepe av rovdyr. Eller så har reinen fått hormonforstyrringar. Vanleg er det slett ikkje at villrein bryt ut av flokken for så å stikke til bygds, seier Granum.

Artikkeltags