Leiinga i rovviltnemnda i Oppland legg ned sine verv

Leiar Aud Hove (Sp), nestleiar Ragnar Nordgreen (Ap) og Mariann Isumhaugen (Ap) i rovviltnemnda i Oppland legg ned sine verv.

Leiar Aud Hove (Sp), nestleiar Ragnar Nordgreen (Ap) og Mariann Isumhaugen (Ap) i rovviltnemnda i Oppland legg ned sine verv. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Leiar Aud Hove (Sp), nestleiar Ragnar Nordgreen (Ap) og Mariann Isumhaugen (Ap) har sendt ut ei pressemelding kor dei kunngjer at dei går ut av rovviltnemnda.

DEL

Bakgrunnen for avgjersla er miljøminister vidar Helgesens kunngjering om at departementet ikkje godkjende rovviltnemndene i Hedmark (region 4) og Østfold (region 5) sitt vedtak om lisensfelling av ulv, som var gjort innen for ramma av det Stortinget hadde vedteke for bestandsmål for ulv.

- Ved å ikkje godkjenne det region 4 og 5 vedtok, undergrev departementet rovviltnemndene si rolle og vårt ansvar. Vi er særs bekymra for kva dette vil føre til for Oppland og vår beitenærings og moglegheit for tiltak for å regulere bestand, skriv dei i pressemeldinga.

Rovviltnemnda i Oppland (region 3) har sidan 20. desember vurdert kva dei skal gjere i saka, og venta på høgres landsstyremøte 8. januar.

- At ulveforliket skal gjennomførast må vere sjølvsagt. At det på kort sikt skal iverksetjast felling av 15 individ utanfor ulvesona er også sjølvsagt da dette allereie er vedteke. At det skal førebuast eit lovendringsforslag som skal bli forelagt Stortinget til behandling snarast, er vel og bra, men det vil ikkje hjelpe på bestandsmålet denne vinteren, heiter det i pressemeldinga.

Deler av nemnda vel dermed å legge ned sine verv inntil dette blir rydda opp i. Dei er derimot klare til å ta opp att verva dersom departementet endrar si avgjersle.

- Vi har respekt og forståing for at ikkje nemnda kunne einast om korleis vi skulle jobbe vidare med dette, men for vår sin del ser vi ikkje anna løysing enn dette til så lenge, skriv Hove, Nordgreen og Isumhaugen.

Ragnar Nordgreen, nestleiar i Rovviltnemnda i Oppland.

Ragnar Nordgreen, nestleiar i Rovviltnemnda i Oppland. Foto:

Artikkeltags