Gå til sidens hovedinnhold

Skal drøfte Øygard

Artikkelen er over 9 år gammel

Vågå Ap skal drøfte Øygardsaka i nytt medlemsmøte torsdag kveld.

ORDFØRARSAKEN

- Dette er vanskeleg og vi har inga spåkule, seier Live Langøygard etter eit langt styremøte i Vågå Ap tirsdag kveld.

Krav frå opposisjon og fylkesparti om at ordførar Rune Øygard bør søkje permisjon var rett nok ikkje hovudtema, utfylling av nemnder og utval og budsjett stod meir sentralt, men det var ikkje til å unngå at ein kom inn på situasjonen. Spesielt ikkje etter at KS-leiar Hans Seierstad i GD i går rådde Øygard til å ta permisjon.

Vi veit ikkje meir enn at Øygard er sjukemeldt til søndag, og det er dette vi forheld oss, til seier Langøygard. Øygard har sagt at han vil attende som ordførar frå måndag.

Men saka skal drøftast på nytt torsdag kveld.

Medlemmane har behov for å få informasjon og prate ut om det som har stått i media i seinare tid, seier Langøygard.

-Har Øygard same tillit i parti og blant bygdefolk etter det som har kome fram den siste tida?

-Eg har ikkje grunn til å tru noko anna.

-Korleis blir det å fungere for ein varaordførar som er fungerande ordførrar dersom Øygard kjem attende måndag?

Det er det vanskeleg å seia noko om, det veit eg rett og slett ikkje.

KS-leiaren meiner det er vanskeleg å fungere hundre prosent som ordførar med ei slik sak

-Eg har registrert at han vanskeleg kan sjå for seg det. Detspørst om det er greiare for andre å sjå dette enn for oss, men som sagt så er dette ei vanskeleg sak og vi har inga spåkule å sjå inn i, avsluttar Langøygard.