Børnen som sist haust forsynte seg av ein elg i Lundadalen før den stakk over til Vestlandet for å leggje seg i hi, er tilbake i Skjåk. Ferske spor syner at bjørnen har vore etter tre elgar i Lundadalen, eit par kilometer frå bebyggelse.

Fleire har vore innover for å spore bjørnen. Så langt har den ikkje vist seg fram for folk. Per Dagsgard tok turen innover Lundalen laurdag. Der kom han over ferske bjørnespor. Både i form av fotavtrykk og møkk. - Bjørnen har lagt att ei ruke, truleg med blåbær, meiner Dagsgard.

Rovviltkontakt Erling Dagsgard er sikker i sin sak, om at det er ein bjørn som har lagt att spora i Lundadalen. Sporing laurdag ettermiddag tyder på at bjørnen framleis kan vera Lundadalen. Den ventar nok berre på eit herremåltid...