Rekordtidlig opning av Sognefjellsvegen

I år opnar vegen over Sognefjellet allereie 12. april.

I år opnar vegen over Sognefjellet allereie 12. april. Foto:

Sognefjellsvegen, fv 55, opnar før påske i år.

DEL

I løpet av fredag 12. april vil vegen vera open for trafikk. Det vanlege er at vegen over Sognefjellet opnar etter vinterstenging til 1. mai kvart år. I og med at påska i år kjem seint i april har Vegvesenet og fylkeskommunen avgjort at vegen opnar tidlegare, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Dersom vi skulle opne til 1. mai ville mykje av brøytinga ha pågått samstundes med påsketrafikken. Det ynskjer vi å unngå, seier Asbjørn Stensrud som er leiar for driftsseksjonen i Statens vegvesen i Oppland.

Stensrud understrekar at det som alltid etter vinterstenging må takast atterhald om at vegen på kort varsel kan bli stengd på grunn av vanskelege vertilhøve og rasfare. Vegen vil også vera nattestengd mellom klokka 20.00 og 08.00 kvar natt fram til 1. mai.

Les også:

Les også:

Å brøyte Sognefjellsvegen i fint vær er et spektakulært syn sett fra luften. Etter planen åpner vegen 27. april. Video: Ole Gudmund Bjørk

Artikkeltags