Trakkemaskin gjennom isen på Strynsfjellet i Skjåk

Tråkkemaskinen som skulle til Stryn Sommerskisenter gikk gjennom isen i et tjern ved Vassvenda.

Tråkkemaskinen som skulle til Stryn Sommerskisenter gikk gjennom isen i et tjern ved Vassvenda. Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Ei trakkemaskin har gått gjennom isen ved Gamle Strynefjellsvegen i Skjåk. Sjåføren fekk redda seg i land.

DEL

SKJÅK: Trakkemaskina var på veg frå Grotli til Tystigen. Ved Vassvenda, ei knapp mil frå Grotli, mista sjåføren truleg retninga og kom ut på eit tjern. Isen bar ikkje.

Ifølgje Øyvind Angard i Statens naturoppsyn (SNO) står store delar av maskina under vatn. Uhellet skjedde i Breheimen nasjonalpark.

- Eg har ennå ikkje fått avklara om dei hadde løyve til å køyre maskina innover. Det som er mest viktig nå, er å få maskina på land og få frakta den nedover att, seier Angard. Han håpar at uhellet ikkje fører til forureining.

Uhellet skjedde omtrent på same plass der ei trakkemaskin, også den tilhøyrande skisenteret på Tystigen, gjekk gjennom isen for nokre år sidan. Det vart eit stort arbeid å få maskina i gang att.

Alt laurdag vil ei gravemaskin ta seg innover til den havarerte trakkemaskina for å dra den på land. Så langt er det vidare bergingsarbeidet ikkje avklara.

Artikkeltags