Trakkemaskin gjennom isen

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Med to personar ombord gjekk ein trakkemaskin til to millionar gjennom isen på ville fjellet mellom Grotli og Stryn Sommerski.

DEL

SKJÅK: I dårleg sikt på veg frå Stryn Sommerski til Grotli kom sjåføren av trakkemaskinen ut av kurs. Maskinen gjekk gjennom isen. Dei to personane i maskinen kom heilskinna frå det.

Bergingsaksjon

Nå blir det sett i gang ein omfattande bergingsaksjon for å få opp att trakkemaskinen til to millionar kroner som tilhøyrer Stryn Sommerski.

- Så fort det går an vil vi få innover ei stor gravemsakin og trakkemaskin frå Grotli for å få opp att trakkemaskinen, seier driftsleiar Hans Anders Rindhølen i Stryn Sommerski til GD.

- Ikke forureiningsfare

Han meiner at det ikkje er grunn til å frykte forureining frå maskinen, der berre førarhuset stikk opp. Uhellet skjedd laurdag, ved den vinterstengde Gamle Strynefjellsvegen omtrent ei mil frå Grotli.

- Vi håpar at vi skal vera på tur innover med bergingsutstyr i løpet av mandag, seier Rindhølen.

Artikkeltags