Uforklarlege ting skjer i barnehagen

I dette bygget har det skjedd merkelege ting den siste halvannen månaden. Foto: Elias Sperstad

I dette bygget har det skjedd merkelege ting den siste halvannen månaden. Foto: Elias Sperstad Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

På uforklarleg vis flyttar saker og ting seg i barnehagen på Lalm. Med bibelen i handa ber pastor Paul Skuland om fred barnehagen.

DEL

Ingen har noko fornuftig forklaring på det som skjer i oppvekstsenteret på Lalm. Det er i den nye barnehagefløya at det skjer underlege ting; gjenstandar som plastikkleiker, små plastperler og magnetbrikker flyttar seg slik heilt utan vidare. Ting kjem fykande i lufta. Dører let seg opp og att av seg sjølve når folk ser på. Det høyrest smell.

Ifølgje Rune Grindstuen, ansvarleg for bygg og eigedom i Vågå kommune og rektor ved Lalm oppvekstsenter Anita Hølmo skal dette ha gått føre i rundt halvannan månad.

Dei refererer til tilsette i oppvekstsenteret som har sett ting dei ikkje har noko forklaring på. Sist torsdag kveld var foreldre til barna i oppvekstsenteret kalla inn til ei orientering.

- Foreldre reagerte forskjellig, men dei tok det med fatning, seier Grindstuen.

Fredag formiddag valde Grindstuen og Hølmo å orientere pressa om det merkelege som skjer i oppvekstsenteret.

- Vi ynskjer å skåne barna mest muleg, og ber om at det ikkje blir skapt unødvendig frykt, understrekar dei.

Kjem og går

Det skal vera etter at barna har avslutta dagen på oppvekstsenteret at uforklarlege ting skjer i den delen av bygget som husar den nye barnehagen. Det svingar i intensitet og omfang. I periodar er det roleg. Så kjem det igjen.

- Fleire som har sett det med eigne augo kan stadfeste det. Alle som er i rommet ser det når det skjer, om det så er ein eller 15 til stades. Det slit på personalet, seier Grindstuen.

På oppvekstsenteret fekk GD i går opplyst at ingen av dei tilsette ynskjer å stå fram. Alle er opptekne av å verne barna på beste måte. Ordvalet blir vald med omhug. Verken Hølmo eller Grindstuen brukar ordet spøkjelse.

Fader vår

Som eit tiltak for om muleg å få ro i oppvekstsenteret, har kommunen engasjert prost Paul Skuland i Nord-Gudbrandsdal prosti.

Som tidlegare prest i Finnmark har han jobba ein del i «urolege hus», der liknande ting skjer. Med tekstlesing frå Bibelen og Fader vår, har Skuland gått rundt i oppvekstsenteret i prestekjole med ljos og kors og lyst velsigning.

- Vi driv ikkje med utdriving eller noko i den retning. Det gjer vi ikkje. Vi ber om fred og om at barna skal ha det bra, seier Skurland som fortel at han har gått rundt i omtrent alle romma i oppvekstsenteret.

- Har du sjølv opplevd noko medan du har vore der?

- Ting har bevega seg. Dører som opnar seg og let seg att. Det høyrest ein del og til dels kraftige smell.

- Utriveleg

- Triveleg er det ikkje, men ingen skal ha opplevd det som skjer som farleg eller trugande. Så det må vera noko frå den ljose sida. Å finne ei forklaring på kva som skjer, er vanskeleg. Ikkje er det forska på det heller. Eg har opplevd litt av det same tidlegare, med ikkje at ting har bevega seg så mykje som her, seier Skuland.

Ifølgje Grindstuen og Hølmo var det etter at dei fekk med seg prosten at det begynte å roe seg. Mellom besøka har det rett nok blussa opp att. Nå har det vore roleg ei vekes tid.

- Kanskje har du lykkast med å skape fred?

- Om eg har lykkast, nei, det veit eg ikkje. Men vi håpar alle at det roar seg, seier Skuland.

Ordføreren i Vågå : - Vi skal til botnen av dette

Artikkeltags