Tysdag formiddag vart det funne tre daue lam. Eit lam og ei søye måtte avlivast på Kvamsfjellet som følge av skadene som ulven utførte.
- To lam er obdusert og det er påvist at dei er drept av ulv, seier Mogens Lorentzen i Statens naturoppsyn.
- Blodig sumar
Mange har vore redd for at dette skal bli ein blodig sumar etter at fleire sauebønder har meldt om store tap av sauar.
Mellom anna vart 35 sauer og lam teke av ulv for vel 14 dagar sidan.
Fylkesmannen i Oppland, ved Harald Klæbo, har gjeve betinga skadefellingstillatelse på ein ulv i området.
- Dette er nok den same ulven som har ferdes tidlegare i dette området, seier Klæbo.
Tillatelsen gjeld i fjorten dagar og er i området frå Ula i nord, via Steinbudalen i Rondane og langs elva Frya.
Les også regionrådet: - Dette kan bli ein ny konfliktsomar
Kva meiner du om dagens rovviltpolitikk? Sei di meining!