Iver og Knut-Erik blir landets fyrste utdanna skiguidar

Iver Lund Aakre (t.v) og Knut Erik Tessnes er to av tolv personar som kom gjennom nålauget i utdanninga som skivegleder som organiserast av NORTIND.

Iver Lund Aakre (t.v) og Knut Erik Tessnes er to av tolv personar som kom gjennom nålauget i utdanninga som skivegleder som organiserast av NORTIND. Foto:

Iver Lund Aakre frå Lom og Knut-Erik Tessnes frå Vågå er to av tolv personar som er plukka ut til å vere med på den nye skiguideutdanninga som er starta i Norge.

DEL

Dei kom vidare av 60 søkjarar og av dei var 20 kalla inn til opptak i Hemsedal nyleg. Det er Norske Tindevegleiarar (NORDTIND) som gjennomfører skiguideutdanninga. Den går over tre år og dei som gjennomfører får tittelen skivegleder.

Studentane får opplæring i skiferdsel og snøskred. Formålet med utdanninga er å kvalifisere kandidatane for skiføring og friluftslivvegleiing i høgfjellet i tråd med norsk og alpin friluftstradisjon.

Av dei tolv som kom vidare er Knut-Erik Tessnes frå Vågå og Iver Lund Aakre frå Lom, ifølgje Fri Flyt.

Knut-Erik Tessnes frå Vågå jobbar til dagleg som leirskulelærar og i Gjendeguiden.

Knut-Erik Tessnes frå Vågå jobbar til dagleg som leirskulelærar og i Gjendeguiden. Foto:

Iver Lund Aakre frå Lom er gründer i bedriften Fyrst og fremst som guidar turister på fjell- og breturar i Jotunheimen.

Iver Lund Aakre frå Lom er gründer i bedriften Fyrst og fremst som guidar turister på fjell- og breturar i Jotunheimen. Foto:

Tessnes har gjennom 25 år jobba som leirskulelærar på Jotunfjell leirskule i Lom og driv selskapet Gjendeguiden med base i Vågå.

Lund Aakre er frå Lom og driv enkeltpersonføretaket Fyrst og Fremst der han tek med turistar til dømes på isbre i regionen.

Dei tolv som kom gjennom nålauget og er klare for utdanninga som skivegleder er:

  • Knut Erik Tessnes
  • Alistar Street
  • Rune Abildgaard Sørensen
  • Andreas Wank
  • Oscar Almgren
  • Jonas Østrem
  • Linda Hallandvik
  • Michael Wenseth
  • Iver Lund Aakre
  • Rasmus Ramstad
  • Kjetil Søvik
  • Odd Erik Rønning

GD har tidlegare vore med både Gjendeguiden og Fyrst og Fremst på turar. Dei kan du lese meir om her:

Artikkeltags