– Familien ynskjer at dagen i dag skal ha fokus på familiebegivenheita. Kåre Johan er 6. båten i rekka av Gjendebåter. Første båten kom på vatnet for 111 år sidan, i 1906, sa Grethe Sjurgard da båten Kåre Johan vart døypt ved Gjende i ettermiddag.
Ho fortalde om historia til Gjendebåtane og skipperen som har gjeve namnet til den nye båten.
Tredje generasjon skipper
Kåre Johan Øvstedal (1944–2016) var tredje generasjon skipper på Gjendebåten, og far til dagens skipper, Harald Rune Øvstedal. Kvar sommar og haust gjennom heile livet frakta Kåre Johan Øvstedal folk innover Gjende og inn i Jotunheimen.
Kåre Johan fekk 70 somrar ved Gjende. Han hadde sin første tur åleine med Gjendebåt 31. august i 1961.
– Dagen i dag er ein minnedag om Kåre Johan, som ville fylt 73 år i dag, sa Sjurgard.
Ho omtalte kona til Kåre Johan, Synøv, som ei dame som har stått stødig som fjell i alle år.
– Ho står som ei klippe for båt og folk, og er slik sett ei trygg hamn, sa Sjurgard.
Dåp på fødselsdagen
15. januar i år var det eitt år sidan Kåre Johan Øvstedal døydde. Same dag kom den nye Gjendebåten frå verftet i Ålesund.
I dag, 13. juni er den nye Gjendebåten døypt, på fødselsdagen til Kåre Johan Øvstedal og i hans namn.
Dei siste orda
Syster til Harald Rune Øvstedal, Elisabet Øvstedal, er gudmor til den nye båten Kåre Johan, og stod for sjølve dåpen.
– Du fortalde namnet på båten den dagen pappa sovna inn, og eg kunne ikkje vore meir samd, sa Elisabet Øvstedal vendt til broren.
Øvstedal sa at dei siste skrivne orda frå Kåre Johan Øvstedal var: Lykke til med ny båt.
– Pappa, sjå kva han Harald Rune har klart, sa Øvstedal bevega før ho foretok den offisielle dåpen av båten.
Etter dåpen var det tur innover Gjende med gjestar.