Vågås førstedame

Iselin Jonassen er Vågås ansikt så lenge Rune Øygard er borte

Iselin Jonassen er Vågås ansikt så lenge Rune Øygard er borte Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Vågås nye førstedame og landets yngste kvinnelge ordførar, Iselin Jonassen (28), har drøymt om å få jobbe langt meir med politikk enn hittil - og ho vil mykje for Vågå...

DEL

Tekst og foto: Ketil Sandviken

VÅGÅ: – Eg har drøymt om å kunne ofre meir tid og få jobbe meir med politikk enn hittil, men da måtte eg ha forsikring om at Ingrid og Markus ville bli godt ivareteke. Det har eg fått i eigen familie, og da er det greitt. Tenk for ei moglegheit eg har fått nå.

Etter å ha vorte kasta rett inn i løvas hole med eit mediakjør nær sagt utan like i bygdas historie, er det slett ingen oppgjeven og rådvill, men ein offensiv 28-åring som har rydda seg plass på ordførarkontoret. Ho synest heller ikkje å vera skremt over å måttefylle dei store skoa til Rune Øygard med eit nettverk og ein kjendiskrets som få kan drøyme om.

– Eg veit nå ikkje om eg skal fylle skorne til Rune. Eg må gjera dette på min måte. Eg er mykje yngre enn han, og tenkjer nok annleis. Ser så klart opp til han, og det han har fått til. Han har sett Vågå på kartet, men det har skjedd i samarbeid med parti og kommunestyregruppe. Nå må eg først og fremst setja meg inn i kva denne rolla inneber.

– Det er ikkje lett å skape vekst i bygde-Norge?

– Vågå er viktig for meg, å få utvikla bygda slik at andre ser kvalitetane våre og vil søkje seg hit. Eg ser at vi har enorme moglegheiter, men da er vi nøydd til å skape arbeidsplassar slik at småbarnsfamiliar vil etablere seg her.

Seier for tida landets yngste kvinnelege ordførar, og i følgje Kommunenes Sentralforbund den tredje yngste totalt etter Espen Andre Kristiansen (25) i Åmot og Svein Tore Løkslid (27)?i Hjartdal.

– Eg vart oppringt av statsråd Anniken Huitfeldt torsdag ettermiddag, ho vil samle oss yngste til ein treff og skape eit nettverk for oss. Det sette eg stor pris på. Ho sa at eg var vanskelegare å få tak i enn statsministeren...

Iselin fylgde opp familietradisjonen og vart ung mor som 18-åring. Det lærte meg å bli strukturert og ta ansvar, seier ho, fast bestemt på å fullføre utdanninga utan opphald. Faren tok permisjon slik at Iselin kunne vidareutdanne seg etter hjelpepleiarutdanninga. Trudde det skulle bli sjukepleie, men det vart «påbygg». Ho kom i lag med Stine Renate Håheim, aktuell frå Utøya og Stortinget.

– Politikken appellerte og eg meldte meg inn i AUF i 2003.

Det vart lokallag og det barst inn i fylkesstyret. Samtidig med studiar i «Organisasjon og ledelse» og statsvitskap ved Høgskolen i Lillehammer som ende opp med bachelor. Flytte attende til Vågå med jobb i Nav, men hadde lyst på meir utdanning. Tok eitt års fordjuping i lønn og rekneskap, deretter «Veiledningsstudiet» og spesialiserer seg nå på forebyggjande rusarbeid attåt jobb i Nav. Ser for seg å bli ferdig i 2014 med ein spesialkompetanse som distriktet har behov for.

– Det blir vel vanskeleg å fullføre nå?

– Alle oppgaver som skal leverast til jul er eg ferdig med.

– Men det kan vel hende at du blir sitjande ei tid i ordførarstolen?

– Eg stiller meg til disposisjon for lang tid framover, eg har førebudd meg på det.

– Kor mykje er du villig til å ofre for å lykkast.

– Eg tenkjer ikkje på dette som eit offer, eg brukar tida på noko eg interesserer meg for. Å få jobbe med politikk på heiltid er eit pluss.

– Du er ikkje den som har vore mest frampå i formannskapet dei siste fire åra. Er du beskjeden?

– Nei, eg trur ikkje nokon av omgangsvennene oppfattar meg slik. Snarare tvert i mot. Men eg var ny i politikken, og har brukt tid og trødd varsamt.

– Korleis greie å halde like høg profil som Øygard?

– Det må opparbeidast over tid. Han har hatt 16 år på seg.

– Er du offensiv?

– Eg har støtt hatt stor kampvilje, heilt frå eg var lita, og eg jobbar nok mykje utan å gje det til kjenne. Kan nok bli meir synleg, og det blir meir naturleg å vera det i ei slik rolle. Nå må eg berre stå fram.

Jonassen synest det er godt at konstitueringa av nytt kommunestyre er over og at mykje av viraken har lagt seg slik at ho kan ta fatt på praktisk politikk. Det første er budsjettet.

– Dette er ein prosess som krev mykje arbeid og tid. Eg vil spela mykje på folk som har erfaring, og er heldig som har med meg Jehans Storvik som varaordførar. Forhåpentlegvis får eg nytte av eiga vidareutdanning i lønn og rekneskap.

– Det blir harselert med satsinga på Norges beste skule?

– Eg tykkjer det er tøft at det, eller «VAken og vågal i Vågå», er sett som mål. Ein må våge å setja seg hårete mål, tore å gjera litt som verkar heilt uoppnåeleg. Det viktigaste er å få eit godt innhald i skulen, satsinga på estetiske og praktiske fag er heilt bevisst for å få ein betre skuke for alle.

– Er du på facebook?

– Eg er nok ikkje av dei mest ivrige. Er litt kritisk , for det blir ein tidstjuv. Nå har eg mangt anna å bruke tida på...

Iselin Jonassen har fått grønt ljos frå heime.

– Det er fint at Iselin tør og har lyst til å satse på dette, for ho er svært samfunnsmessig engasjert.

Ektemann Tor Inge Jonassen støttar heilt og fullt opp om kona som ordførar, sjølv om det her to små barn og hund å ta hand om i Øygardsvegen ovanfor Blessom - med flott utsikt over heile bygda...

Snart 10 år gamle Markus synest det er rart at mor har vorte ordførar, men trur ikkje det vil forandre tilværet, og vesle Ingrid på snart to år er mest opptatt av Hinkel Pinkel på barne-TV...

– Vi må sate på kvalitetstid og ta godt vare på ungane. Ein dag for veka har vi felles middag med venner, og det skal vi halde fram med, seier Iselin. Familiemiddagar står også på menyen jamnleg.

– Eg er så heldig å ha stor familie i heimbygda, og det har alltid vore naturleg for oss å hjelpe kvarandre. Det var difor naturleg for meg å kalle inn til storråd da eg vart spurt om å stille som varaordførarkandidat for eitt år sia. Eg måtte forsikre meg om at både Ingrid og Markus ville bli godt ivaretatt. Både mor og bestemor ville stille opp og da Tor Inge ga grønt ljos så sa eg ja. Det er «råte» viktig at kvinnfolk tør ta posisjonar og profilere seg og vise at også vi kan drive politikk.

Iselin er godt tilfreds med ein kvinneandel på 46 prosent i Ap-gruppa, ikkje fullt så tilfreds med 38,1 prosent for heile kommunestyret, men synest det er bra at ein har greidd å dra ned gjennomsnittsalderen til 43 år slik at Vågå kjem godt ut av det på fylkesnivå.

– Men vi må jobbe hardt med å få fram folk som vil stå på politiske lister, fastslår vågås nye og unge kvinnelege ordførar.

Artikkeltags