Gjendesheim skal drifte "Flye 1389"

Høgt og fritt:  Nybygget på høgste Valdresflye skal stå klart til sesongen 2018.Illustrasjon arkitekt Knut Hjeltnes

Høgt og fritt: Nybygget på høgste Valdresflye skal stå klart til sesongen 2018.Illustrasjon arkitekt Knut Hjeltnes

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

DNT Oslo og Omegn vann den opne konkurrransen om å drifte det nye servicebygget på Valdresflye og skal gjera det i samarbeid med Gjendesheim turisthytte.

DEL

Ein naturleg kombinasjon etter som DNTs flaggskip ligg berre eit kvarters biltur unna, i alle fall sommarstid, verre om vinteren med stengt høgfjellsovergang mellom Valdres og Nord-Gudbrandsdal.

Lokale tradisjonar

– Først og fremst er bygget veldig spennande rein arkitekttonisk. Det vil få ei unik plassering på taket av Valdresflye med utsikt rett inn i Jotunheimen. At ein får eit servicesenter der vil gjera at ein treffer mange fleire målgrupper og føre til at dette blir like mykje eit inspirasjonssenter. Her kan vi formidle alle moglegheitene som finst i området, seier Gjendesheimstyrar Marius Haugaløkken.

 I følgje DNT er han klokkeklar på at dette skal vera ein stad som speglar tradisjonane på båe sider av fjellet. Lokale mattradisjonar og lokale råvarer skal stå i fokus.

Haugaløkken har lagt vekt på å byggje opp eit mattilbod på Gjendesheim som tek utgangspunkt i lokal mat og lokale råvarer, og seier at ein skal ta utgangspunkt i dette også på «Flye 1389».

Ferdig til 2018

Sjefsarkitekt og prosjektleiar Werner Harstad i Statens vegvesen gjev uttrykk for håp om at nybygget, som etter planen skal stå ferdig til sesongen 2018, kan bli ein høgfjellsstasjon der det blir utvikla gode aktivitetar med både folkehelse og miljø i fokus.

Bygget har ei kostnadsramme på 29,5 millionar kroner i eit spleiselag mellom Øystre Slidre, fylkeskommune og vegvesen.

Artikkeltags