Her er fylkesvegen over Valdresflya ferdig brøyta - opnar fredag

Brøytemannskapa har kome seg over Valdresflya og fram til bommen ved Maurvangen. - Vegen over Valdresflya opnar fredag, seier Asbjørn Stensrud frå Statens vegvesen.

DEL

Alt har gått etter planen for brøytemannskapa over Valdresflya på fylkesveg 51. Det betyr at planen opnar fredag 29. mars.

- Den opnar etter planen fredag, men det er eit lite forbehald om at det er meldt sterk vind fredag, seier Asbjørn Stensrud, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Til vanleg opnar fjellovergangen 1. april etter vinterstenging.

- Sidan dette er ein måndag har vi i samråd med Oppland fylkeskommune bestemt at vegen opnar før den aktuelle helga, seier Stensrud.

Videoen er teke av Besseggen Fjellpark.

Artikkeltags