Vått byjubileum

Anita Koot førte an i zumbadansinga til stor begeistring for liten som stor

Anita Koot førte an i zumbadansinga til stor begeistring for liten som stor Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Folk gjekk mann av huse for å vera med på byjubileum sjølv om regnet ausa ned i bytter og spann.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

Ausande regn sette sjølvsagt ein dempar, men lell gjekk folk mann av huse for å vera med på byjubileet på Otta. Ei ti meter lang marsipankake trygt i ly for vær og vind under Centrum Magasins utskot rett over for Parken fekk føter å gå på. Eit samansett sekkepipeorkester frå Oslo og Bergen bles som om det skulle ha vore opphalds gjennom byens gater, men Idol-Tone Damli var nok den mest populære av alle. Eit halv tusen stilte seg under paraplyen for å få med seg det hottaste i norsk pop. Ikkje minst smårollingane er opptekne av slikt og den smellvakre sogndalsjenta tok seg god tid til både autografskriving, avbilding, kos og klem og brukte nok ein time meir enn tenkt.

- Gratuleré Otta, ropte blide Idol-Tone og sprengte seg inn i sin svarte limousin på tur heim att til hovudstaden. Det er der postjernene held til.

Artikkeltags