Ber Statens vegvesen byggje billegare E6 gjennom Gudbrandsdalen

BILLEG ELLER BRA ELLER BÅE DELAR: Frå E6-utbygginga i Kvam.

BILLEG ELLER BRA ELLER BÅE DELAR: Frå E6-utbygginga i Kvam. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Mest mogleg veg for pengane. Innspel frå Statens vegvesen og Nye Veier AS tidlegare i år viste at det er mogleg å redusere kostnadane til utbygginga av E6 Ringebu-Otta med så mykje som 30 prosent, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

DEL

RINGEBU: – Ikkje noko nytt, svarar Ringebu-ordførar Arne Fossmo, når GD ber han kommentere pressemeldinga som gjekk ut frå Samferdsledepartementet fredag. Fossmo seier at mykje av det same vart sagt i august, og at han då såg det som eit valkamputspel.

Næringsforeninga nøgd

Trygve Groven Vaal seier til GD at det var han og Nord-Gudbrandsdal Næringsforening som på ei møte sist sommar, bad samferdsleministeren om å rekne på nytt.

– Det er flott at statsråden følger opp det han lova Nord-Gudbrandsdal Næringsforening. Han sa han ville rekne på nytt på etappe 2 av E6 gjennom dalen, og det har han altså gjort. Næringsforeninga har følgd opp saka, og det ser ut til at det er vesentleg bevegelse i saka. Ballen ligg hos Statens vegvesen som skal komme med ei anbefaling innan 6 april. Det er fantastisk med ein politikar og minister som lyttar til næringslivet og viser handlekraft, seier Trygve Groven Vaal.

– Har vorte dyrare

Statsråden ber Statens vegvesen om å vurdere innspela og kome med ei tilråding om vidare framdrift. Han siktar til etappe 2 av E6 Ringebu-Otta etappe 2, som er prioritert i nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029, men ikkje er fullfinansiert.

– Prosjektet har opplevd ein sterk kostnadsauke, med over dobling av kostnadsanslaget på ei av strekningane. På oppdrag frå Samferdselsdepartementet viste både Statens vegvesen og Nye Veier AS at det er mogleg å finne ulike løysningar som gjer vegen billegare å byggje. Statens vegvesen skal sjå på desse alternativa og komme med ei tilråding om den vidare prosessen, heiter det frå statsråden.

KAN BYGGJE BILLEGARE: Det meiner Samferdsleministar Ketil Solvik-Olsen.

KAN BYGGJE BILLEGARE: Det meiner Samferdsleministar Ketil Solvik-Olsen. Foto:

Nye Veier AS meiner at det er mogleg å få ned kostnadane ganske mykje gjennom å involvere entreprenørane tidleg. Ifølge Solvik-Olsen utan å redusere kvaliteten og den samfunnsøkonomiske nytta. Han lovar at tilrådinga skal vere klar innan 6. april 2018.

Jublar ikkje

– Etter at mykje av det same vart sagt i august, har det skjedd lite frå departementet si side. Reguleringsplanen for Ringebu sin del er snart klar, utan at han er stansa. Korleis ein skal handtere det, har vi etterlyst lenge. 19. januar skal det vere eit møte for å sjå på dei ulike løysingane med tunnel eller kutte vassverket i Ringebu. Sjølv om Solvik-Olsen er framme att med kostnadskutt, har ikkje Ringebu kommune sett at dei vil endre NTP. Vi har berre fått vite at det skal arbeidast vidare. Same mann som tidlegare sa at tunnel ville bli for dyrt, meiner no at tunnel er billegast, ser det ut til.

Fossmo presiserer at han sjølvsagt er positiv til kostnadsreduksjon på utbygginga, men at det ikkje må gå ut over kvaliteten på vegen.

– Me vil ha ny veg. Likevel må omsynet til Ringebu og folk her vege tungt når det skal avgjerast kor vegen skal gå, seier ordføraren.

Artikkeltags