Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det kimar atter til kjøpefest. I år skal vi svi av over 12.000 kroner kvar på julehandelen. Berre sørg for at det klinger i eit kassaapparat nær deg. November og desember er utan tvil dei mektigaste handelsmånadene i året. I år er det venta at den totale julehandelen i Norge vil bli på svimlande 122 milliardar kroner. Det er ein nedgang på 3 prosent frå i fjor, men heile 12 prosent høgare enn normalåret 2019, ifølgje Virke* sine anslag.
I førjulstida får pengane våre vengar. Dei daler ned i skjul, forsvinn utan at vi knapt merkar det – og hamnar altfor ofte i henda på store kjedebutikkar eller i det gigantiske «nettsluket». Vi har nemleg tileigna oss nye vanar i løpet av koronapandemien, og i fjor gjorde enda fleire av oss unna julehandlinga frå sofakroken. I år vil netthandelen truleg auke med 1 prosent frå i fjor, som er 50 prosent høgare enn 2019. Virke anslår at nordmenn vil bruke rundt 11 milliardar kroner på netthandel i innspurten av året. Idet vi druknar i freistande tilbod på varer som kan handlast med eit klikk, bidreg vi til handelslekkasje – og gjer førjulstida litt mindre gledeleg for dei lokale næringsdrivande. Om du ikkje surfar på ein lokal nettbutikk, vel og merke. Samstundes veit vi som forbrukarar at vi heller bør nytte nærbutikkane våre. Fordi lokal handel gjev oss levande lokalsamfunn, stabil tilgang på lokale ressursar, fasilitetar og fellesgode, og dessutan er med på å sikre at dei lokale butikkane er der òg i morgon.
Stutt veg til kassa: Men la oss ikkje berre sjå på stuttreist handel som ein «redningsaksjon» for morgondagens butikkar. Kva med å tenkje på alt vi som butikkundar «vinn» på å handle heime. Det er ikkje reint lite. Vi får personleg sørvis. Vi får varene med ein gong. Vi sparer pengar på lange og unødvendige bilturar, og gjer på den måten miljøet ei førjulstenest. Vi får raskt hjelp om vi ynskjer å bytte, klage eller handle meir av same vare. Vi får ei pause frå dei blå skjermane og høve til å møte folk fjes-til-fjes, som jo er triveleg i førjulstida. Og mest sannsynleg finn vi noko heilt unikt – som skil seg ut i lasset av julegåver med masseproduserte duppedittar frå andre sida av verda. Som ein bonus får vi ei kjensle av å ha gjort noko bra for næringslivet på heimstaden.
Lokale gåvekort under juletreet: I nasjonalparklandsbyen Lom utgjer handelsbedriftene ein vesentleg del av reiselivsproduktet. Faktisk driv over 30 % av dei totalt 66 medlemsbedriftene i Visit Jotunheimen med direkte varehandel. I tillegg kjem sal knytt til servering, overnatting, tilrettelagde natur- og kulturopplevingar, arrangement og andre tenester. Ei av våre viktigaste oppgåver som destinasjonsselskap er å løfte fram handels- og reiselivsbedriftene våre. I julestria er det naturleg å rette seg mot den heimekjære julehandlaren, og hjelpe flittige og kreative gründerar som brenn for lokalsamfunnet sitt og arbeidsplassen sin -med å nå ut til enda fleire med sine produkt. Har du tenkt på at lokal handel ikkje treng bety kjøp av fysiske varer? Mange av bedriftene sel gåvekort eller driv nettbutikk. Kva med å pakke inn ein aktivitet i raudt julepapir, eller legge ei oppleving under juletreet i år?
Når du skal ut og rusle blant julekledde butikkar og «snitte» dine 12.070 kroner på julevarer i år, gå gjerne for lokalhandla sokkar eller smakfulle lokalmatprodukt, gåvekort på ein time hjå frisør, ein betre middag eller overnatting i historiske omgjevnader. Da kan du handle med godt samvit og vite at du samstundes gjer lokalsamfunnet og miljøet tidenes juleteneste.
Mari Arnøygard Wedum, fjellvertinne/dagleg leiar i Visit Jotunheimen AS