Takk til Bjørnar Bakken for ei viktig og dessverre riktig framstilling av eit offentleg helsevesen som går mot havari. Og takk for at du kan skilja mellom personale som står i stormen og myndigheitene sitt ansvar. Helsearbeidarar er slitne og desillusjonerte av mange års rovdrift og mange års lovnader om betre tider og meir verdsetting.

Les også

Det er ille at politikerne kan akseptere at det er så dårlig stelt i norsk helsevesen

Som sjukepleiar i snart 40 år er eg pessimist med tanke på at vi vil behalde eit likeverdig helsetilbod for alle som treng det. Eg er pessimist med tanke på rekruttering. Helsevesenet har og vorte ein arena for dei pengesterke, dei som kan betale seg forbi køar og forbruke helsepersonell som offentleg helsevesen treng. For meg som har jobba i eldreomsorga og i psykisk helsevern blir dette absurde prioriteringar.

Yngre sjukepleiarar forsvinn frå yrke før dei har starta. Er det nokon som spør kvifor. Å bli utsett for konstant press om å ta ekstravakter, arbeidsdagar utan tid til matpause, stor grad av ubekvem arbeidstid og konstant oppleving av å gå på akkord med eigen fagleg standard til middelmåtig løn – lite motiverande.

Framover treng vi politikarar og administrative leiarar med bakkekontakt som evner å forstå og prioritere. Eg er lei alle kommentarar om at folk har eiga ansvar for dårleg økonomi og dårleg helse fysisk og psykisk. Det er ei grov forenkling og vitnar meir om ansvarsfråskriving enn ansvarstaking.

Kjære alle helsearbeidarar. Døkk gjer ein formidabel jobb i eit fantastisk yrke som dessverre står på randa av samanbrot. Vi må snart på barrikadane for alvor, for oss sjølve, men ikkje minst for meinigmann som framleis treng eit godt offentleg helsetilbod.

Edel Holen, sjukepleiar, Vågå