Økonomi i ubalanse

Av
DEL

lesarinnlegg
Økonomien i Nord Fron kommune er i ubalanse. I 2017 vart det budsjettert med ca. 10 millionar i underskott. Resultatet vart 11 millionar i minus. Sp sitt alternative budsjett gjekk i balanse. I tillegg var det eit overforbruk på ca. 8 millionar. Ein lågare pensjonspremie til KLP enn budsjettert, redda desse millionane.

For 2019 er det budsjettert med eit resultat på ca. 3 millionar kroner. Dette er alt brukt, ifølge admsjef Sandbu, p.g.a.meirforbruk innan forskjellige tenesteområde. Fleirtalet, Ap og H har lagt inn 55 millionar i nye lån for 2019. Kloakk/vatn Kvamsfjellet vil koste 15 millionar meir enn føresett.

Senterpartiet hadde i sitt budsjettalternativ for 2019 eit langt lågare låneopptak. Vi vil framleis ha helsestasjon og nytt til psykiatrien ved legesenteret. Renovering av dagens helsestasjon vil vera billigare enn nybygg ved Vinstrahallen.

Senterpartiet støttar omstillingsarbeidet i kommunen. Færre leiarar og reduksjon innan administrasjon er naudsynt for å styrke økonomien. I tillegg er reduksjon i lånegjelda heilt avgjerande for at kommunen skal kunne tilby gode tenester framover. Lånegjelda går opp til 550 millionar kr i 2022. Det er 100 000 kroner pr. innbyggar. Sp vil ha lånegjelda ned. Vi vil låne 50 millionar mindre, i staden for å auke gjelda med 50 millionar. Det gjev ca. 6,5millioner kr meir å rutte med, det vil seie ca. 10 årsverk. Nord Fron kommune vil i 2022 betale 44 millionar kr i renter og avdrag, ifølge økonomiplan 2019 – 2022.

Som ordførarkandidat for Sp vil eg ha ein strammare økonomistyring i åra som kjem. Lovpålagde oppgåver må ha fyrsteprioritet. Særleg eldreomsorga vil krevja meir ressursar framover, p.g.a. vekst i talet på eldre i kommunen og fordi sektoren har for lita bemanning i dag.

Som eventuell ordførar, vil eg nok vera meir på linje med tidlegare ordførar Stenseng når det gjeld bruk av pengar.


Hans Petter Solberg, ordførarkandidat for Nord-Fron Sp

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags